- Nominasjon er noko svineri

Men taparen i Ap-nominasjonen har framleis ambisjonar i politikken.

Les og: Hafslo sitt svar på Obama?

- Eg vil inn og fronte ein plass i fylkespolitikken. Det har eg lyst til. Politikk er gøy og det har eg lyst til å driva med. Skal eg ha ein sjanse må eg tydelegvis inn i fylkespolitikken først, sa Hilmar Høl etter at han hadde tapt kampen om 2. plassen på Sogn og Fjordane Ap si stortingsliste med fem stemmer.

Les og: Ingrid Heggø til topps

Udramatisk møte

Kampen mellom Høl og Tor Bremer om andreplassen vart det einaste som skapte snev av spenning på nominasjonsmøtet til Ap laurdag, eit møte som vart svært udramatisk og sakleg.

- Nominasjonen er no berre slik. Det er noko svineri, for å vera heilt ærleg. I kampens hete undrar ein seg om det er verdt å stå i striden. Men det må fortelja alle som er her, at det er det. Eg er ikkje bitter. Den som har mest tillit får plassen.

Ingrid Heggø var klappa inn på topp-plassen utan diskusjon.