Hopp til innhold

- NAV treng krisehjelp

Det er stort behov for krisehjelpa frå regjeringa til NAV.

Tore Thorsnes

Tore Thorsnes er glad for at NAV får tilført ekstra midlar frå staten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det seier direktør Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane, som tysdag møtte leiarar frå heile fylket.

NAV

Fleire NAV-tilsette er slitne etter hardkøyret i finanskrisa.

Foto: Else Jorunn Saga / NRK

Slitne NAV-tilsette

Og Thorsnes fekk høyre om slitne medarbeidarar i heile fylket.
NAV-direktøren har fått klar beskjed frå leiarane i fylket at dei treng meir ressursar.

Og det får dei, gjennom regjeringa sin NAV-pakke på 710 millionar kroner. Seks av desse kjem hit til fylket.

Millionane skal bøte på ein etat i motvind. Etter innføring av NAV-reformen med påfølgjande finanskrise, har sakshandsamingstida blitt lang hos NAV. Og utbetalingane let vente på seg.

Auka sjukefråver

Det har gjort tusenvis av brukarar utolmodige, for dei har ikkje fått pengane dei har krav på.

Presset på dei NAV tilsette vert dermed større, og sjukefråveret har auka.

No lovar Tore Thorsnes å lette situasjonen med naudhjelpa frå dei raud-grøne.

- Det er openbert behov for desse midlane. Heile reformperioden har vore tøff. Og ein slik reform resulterer i negative oppslag i media. Og det med rette. For ting har ikkje gått slik vi hadde ønska, seier Thorsnes.

Trur på betring

Dei ekstra midlane skal mellom anna nyttast til auka driftsbudsjett og forenkling av dagpengebehandling.

Thorsnes seier NAV Sogn og Fjordane er av dei som har klart seg best av fylka, og at han trur dei vil få utvikle seg vidare med desse midlane.

- Det vil seie at vi kanskje til dømes vil ta ein del tenester ut av NAV- kontoret og opprette ei sentral einig i fylket for telefoni og kundesenter, seier han.

- Er det slutt på dei negative oppslaga no då?


- Vi vil heilt sikkert oppleve at enkelte saker ikkje går slik vi ønskjer. Men med den ressurstilførselen vi får no trur eg vi kan dempe desse skadeverknadane.