- Merkeleg hjorteutspel

Bonde Rune Nordbotten i Bremanger er opptrekt over at Fylkesmannen tek til orde for gratis hjorteløyve som marknadsføring av fylket.

Hjortejakt
Foto: NRK

Nordbotten reagerer mest på at viltforvaltar Hermund Mjelstad hjå Fylkesmannen kjem med eit slikt utspel gjennom media utan å kontakte næringa først.

– Det er absolutt ikkje haldbart å gå ut på denne måten som han her gjer.

– Gratis hjorteløyve til innflyttarar

Det var på ein blogg på Fylkesmannen sine nettsider Mjelstad tok til orde for å utnytte hjorteressursen betre for alle, og at den i større grad burde nyttast til marknadsføring av fylket.

Det med å gje folk som skal flytte til Sogn og Fjordane eit gratis hjorteløyve kan vere slike småting som folk set stor pris på, skreiv Mjelstad.

– Må snakke med oss

Rune Nordbotten synest heile utspelet er merkeleg og i strid med tidlegare signal kring hjortejakt og bygdeutvikling

– Vi har jo blitt oppmoda om å prøve å få litt pengar ut av dette, og då er det rart at han skal gå motsett veg og be oss om å gje det vekk.

– Viss han skal drive bygdeutvikling så må han ta kontakt med grunneigarar og bygdelag og finne ei ordning. Og viss det er slik at Fylkesmannen har ein pott som han kan bruke til å kjøpe opp løyve og dele ut til innflyttarar, så er det heilt sikkert råd å få til ein avtale om det, men då må han ta kontakt med dei dette vedkjem, seier Rune Nordbotten.