Det seier Framstegspartiet sin tredjekandidat til stortingsvalet, Oddvar Reiakvam, etter at resten av Stortinget no samla har røysta ned eit framlegg frå hans parti. - Dei bør ikkje love noko dei ikkje kan halde, seier Reiakvam med adresse til fylkesleiarane i Høgre, Venstre og SV.
Bulandet er eit døme på at det trengst eigne reglar for strandsona på Vestlandet. Arkovfoto NRK
Vil endre lovverket
Reiakvam er dyktig irritert på fylkeslaga til Høgre, Venstre og SV etter nederlaget i Stortinget. For det er mindre enn 14 dagar sidan fylkesleiarane i desse tre partia samla stod fram og proklamerte at dei vil endre dagens strenge lovverk for bygging i 100-metersbeltet i strandsona i vår del av landet.
- Skaper forvirring
Oddvar Reiakvam meiner fylkesleiarane gjekk alt for langt med utspelet sitt. - Det skaper berre forvirring når dei går ut på den måten. Dei burde ha sagt meir klart at dette er noko dei vil arbeide vidare med innan eigne parti, seier han.
- Held ikkje folk for narr
Men fylkesleiar Magne Aardal i SV avviser at dei held folk for narr. - Vi har gjort det klart at vi arbeider for å endre partiprogrammet slik at Sogn og Fjordane får andre reglar for bygging i strandsona enn t.d. Oslofjorden og Sørlandet, og det tek tid. Når SV i Stortinget røysta imot framlegget frå Frp, så er det i tråd med dagens partiprogram, seier Aardal.