Hopp til innhold

- Greitt at folk tullar med auget

Sjølv om ingen spør direkte, veit Ronny Brede Aase at mange lurer på kva som feiler auget hans. – Eg ser jo snål ut, seier han.

Ronny Brede Aase

VEIT AT FOLK TULLAR MED AUGET: Ronny Brede Aase blir meir irritert over at folk trur han er falsk når han alltid er glad på radio.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Det er i magasinet «Fredag» i Dagbladet at førdianaren i dag fortel at han toler at andre tullar om auget hans.

Det er ingen som spør han direkte om kva som har skjedd med det høgre auget, men P3-Ronny har registrert at namnet hans ofte kjem opp saman med søkeordet «augesjukdom» i google.

– Ha ha, det er artig at dette ser ut til vere det einaste folk vil vite om meg, for det er ingen som spør meg direkte, seier han til Dagbladet.

Lever livet i favorittjobben

Førdeguten i midten av 20-åra er ingen morgonfugl. Likevel har han blitt kjend over det ganske land som programleiar i P3Morgen. Saman med kollega Live Nelvik er det både tøys og tull og alvor frå klokka 06 om morgonen.

Aase har blitt lagt merke til og under prisutdelinga Prix Radio 2011 fekk han tildelt prisen årets radionamn og årets programleiar saman med Nelvik.

Den pratsomme sunnfjordingen fortel til Dagbladet at han har digga P3 sidan han var liten. Difor er han overlukkeleg for at han no kan tene til livets brød med å gjere det han likar aller best.

– Eg synest eg har ein kongejobb, seier han til Dagbladet.

– Kva er det med auge?

Ronny Brede Aase veit at mange lurer på kva som feiler det eine auget hans. Sjeldan opplever han at folk torer ta det med han direkte, men ei hending frå då han var tenåring minnest han godt.

Under datapartyet «The Gathering» i Vikingskipet kom ein jamgamal gut bort til han i dokøen. Då han såg høgreauget til Aase trudde han at det var noko alvorleg gale.

– Herregud mann, du må sjekka auget ditt. Det nyttar ikkje om du tek deg ein kvil, du må til lege, sa guten.

Brede Aase kunne ikkje anna enn å nikke og seier i dag at han faktisk synst synd på han.

– Kva skulle eg seie? Eg hadde ikkje hjarte til å seie du, eg er faktisk blind på auget, seier Ronny til Dagbladet.

Kan ikkje sjå dobbelt

Den unge radiorøysta har vore blind på auget heile livet. Årsaka er grøn stær, fortel han.

– Eg vart fødd med blødingar å auget, dei prøvde å operere, det gjekk til helvete. Eg er blind på det eine auget, og eg ser veldig dårleg på det andre, seier han til Dagbladet.

Han har registrert at det på nettstaden Artige.no er eit bilete av han som er linka til ei Ivo Caprino-troll med berre eitt auge. At folk spøkar med han på den måten er heilt greitt.

Han seier det blinde auget ikkje er noko som har blitt eit problem for han.

– Eg likar å tenke at det er ein fordel når eg er på pub. Eg kan ikkje sjå dobbelt, hehe. Elles legg eg ikkje noko vekt på dette, seier han.

Det som derimot skuffar han er når folk trur han er falsk når han er glad på radio.

– Humøret mitt er så ekte som det kan bli. Eg har jo draumejobben, seier han.