Hopp til innhold

- Du må ta ferien i mai

Få sommarvikarar tvingar fram endringar i ferievanane.

Frode Henden

Avdelingsdirektør Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane meiner at folk må ta sommarferien om våren, hausten eller vinteren.

Foto: NAV

I dag fortalde NRK Dagsnytt at 17-åringar blir hyra inn som sommervikarar på sjukeheimar fordi mangelen på vikarar er rekordstor.

Stor mangel på vikarar

Den store mangelen på sommervikarar i helse- og omsorgssektoren fører òg til at fleire kommunar betalar ut bonusar til tilsette som flyttar ferien.

Også i Sogn og Fjordane har verksemder og institusjonar hatt vanskar å få tak i nok folk i sommaren. NRK Sogn og Fjordane har tidlegare meldt at mangel på vikarar i Flora gjer at foreldre med sterkt pleietrengande ungar risikerer å ikkje få den hjelpa dei har krav på.

Må ta ferien i mai eller september

Avdelingsdirektør Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane meiner dette tvingar fram endringar i ferievanane i mange sektorar i arbeidslivet.

- Om nokre år må nok folk bu seg på å ta sommarferien allereie på våren eller utover hausten, seier Henden.