Hopp til innhold

- Dooria ikkje mitt ansvar

Næringsminister Odd Eriksen fråskriv seg alt ansvar for at dørfabrikken Dooria får nær 70 millionar statlege kroner til etablering i Årdal.

Nærings- og handelsminister Odd Eriksen
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Samstundes forsvarar han at Innovasjon Norge støttar etableringa.

Det er politikarar frå Høgre og Framstegspartiet som har bedt statråden forklare kvifor staten løyver pengar som kan verke konkurransevridande, og kanskje føre til at dør-produsentar andre stader i Norge får problem.

- Har ikkje blanda seg inn

Eriksen slår fast at næringsdepartementet ikkje har noko med dette å gjere. Stortinget har løyvd 100 millionar som Sogn og Fjordane fylkeskommune skal bruke til omstilling i Årdal og Høyanger. Fylkeskommunen har overlate til Innovasjon Norge å handsame søknader om løyving frå denne potten, og det er styret i Innovasjon Norge som på sjølvstendig grunnlag har vurdert Dooria-etableringa og løyvd pengane.

Til påstanden om konkurransevridning og fare for at andre dørfabrikikar i landet kan bukke under, skriv statsråd Eriksen at byggevare-bransjen i dag er nordisk og ikkje norsk. I framtida blir det difor norkre få dominerande internordiske dørleverandørar, pluss nokre spesialiserte nisjeprodusentar.

Store omstillingar

Det skjer i dag ei kraftig omstilling gjennom oppkjøp, nedtrapping og nedlegging, og dette vil halde fram. Dooria vurderte nyetablering både i Finland og Nord-Sverige og kunne fått statleg støtte der. Innovasjon Norge meiner støtta til Dooria berre i liten grad er eit trugsmål mot andre norske fabrikkar. Konkurransen i Norge kjem i hovudsak frå import utanfrå. Etableringa i Årdal vil derimot styrke den norske bransjen i konkurransen med dei store internasjonale aktørane, skriv næringsministeren i svaret sitt.