Hopp til innhold

- Blir svindla av telefonseljarar

Mange norske kommunar hevdar at dei blir forsøkt svindla av useriøse telefonseljarar. Seljarane ringer tilsette i kommunanes underavdeling og lurer dei til å inngå avtalar dei ikkje er klar over.

Assisterande rådmann i Gloppen kommune, Jan Kåre Fure, har fått nok av dei utspekulerte metodane.

– Eg stiller meg uforståande til at det ikkje går an å forby dette.

Jan Kåre Fure

Jan Kåre Fure er lei av telefonseljarar som prøver å lure dei.

Foto: Privat

Forsøkt svindla for 12 000

Fleire gonger har eit firma kontakta tilsette i underavdelingane i kommunen. Dei seier dei berre skal kontrollsjekke opplysningar, men uansett kva dei tilsette svarar blir det tolka som kjøp av annonse og faktura kjem i posten. Gloppen kommune har nylig blitt forsøkt svindla for 12 000 kroner.

– Eg blir irritert for å seie det forsiktig. Det ber brevet preg av, for eg har vore uvanleg krass. Dei forstår tydelegvis ikkje vanleg norsk.

– Dette er svindel

Men sjølv om Fure nyttar harde ordlag og ber selskapet aldri ta kontakt igjen, så nyttar det ikkje. For selskapet finn alltid nye tilsette å ringe til.

– Vi ser på det som svindel. Avdelingsleiaren som vart utsett for dette blei veldig oppskaka og opplevde det som veldig ubehageleg.

Vil ikkje kommentere enkeltsaker

Det omtala selskapet vil ikkje la seg intervjue, dei vil heller ikkje kommentere enkeltsaker. Men i ein epost til NRK avviser dei å ha brukt framgangsmåten som Fure fortel om.

Får fleire klager dagleg

Næringslivets Sikkerhetsråd er del av NHO og skal beskytte næringslivet mot økonomisk kriminalitet. Dei får fem til ti klagar dagleg på det Fure kallar sleipe salsmetodar, og er ikkje aleine om det. Stadig fleire kommunar blir forsøkt svindla, fortel Seniorrådgjevar i Sikkerhetsrådet Arne Røed Simonsen. Årsaka er at næringslivet har lært og dei private bedriftene lar seg ikkje lure lenger.

– Dei vert i mindre grad utsette for slik, og no har dei gått over til kommunane.

Åtvarar kommunane

KS åtvarar kommunane og gjev dei råd, men ellers er det lite dei kan gjere. Det seier områdesjef i KS, Arvid Weber Skjærpe. Administrasjonen i KS-organisasjonen har sjølv opplevd dei pågåande telefonseljarane.

– Vi merkar sjølv at vi blir utsette for kataloghaier med jamne mellomrom. Men det er sjølvsagt ikkje mykje verken KS eller andre kan gjere med dette, anna enn å ha gode rutinar.

Krava varierer frå nokre få tusen til fleire ti talls tusen kroner. Nokon kommunar har bite på, seier Weber Skjærpe.

– Det er rekningar som er betalte som ikkje burde blitt det.

Ber dei vere merksame

På nettsida Varslingslisten.no kan bedrifter rapportere lysskye forretningar. Sikkerhetsrådet har dermed namn på konkrete selskap og bevis på tvilsame metodar. Likevel er det lite ein kan gjere fordi det sjeldan er eit openbart lovbrot, seier Røed Simonsen.

– Der må verksemdene ta litt på eigen kappe. Dei må vere merksame og kontrollere kva som blir bestilt.

Nektar å betale

I Gloppen samlar den assisterande rådmannen på alle dokument for å ha noko å vise til neste gong kataloghaiane ringer. Problemet er at det ikkje er han dei ringer til.

– Det er ikkje så enkelt som det blir framstilt. Dei går lenger og lenger ned i organisasjonen og når folk ikkje er klare over at dei svarer, så er dette er vanskeleg å unngå. Men vi blånektar å betale nå rekningane kjem.