NRK Meny
Normal

- Bjørneløyve i minst ein månad

Leitinga etter slagbjørnen i Sogn har så langt vore resultatlaus. Saueeigarane i området krev no at fellingsløyvet varer meir enn den veka Fylkesmannen har bestemt.

 

Olav Horpedal på bjørnejakt
Foto: MMS-foto:Arne Eithun / NRK

- Løyvet burde ha vart minst ein månad, for det tek lang tid å gjennomsøke så store område, seier saueeigar Olav Horpedal i Fjærland.

Onsdag leita han frå Horpedal opp Steindalen og opp i rundt 1000 meters høgde utan å finne korkje spor av bjørnen eller fleire sauekadaver.

 

 Ser etter ramnar

- Det er ikkje lett å finne sauekadaver i så store område, det vi ser etter er ramnar som samlar seg, eller lam som går åleine.

Rundt 30 personar i to jaktlag er klare til å rykkje ut dersom det dukkar opp nye spor etter bjørnen som har herja fjella i Indre Sogn.

I strid med rovviltpolitikken

Det kan sjå ut til at bjørnen som er på ferde i fjella i kan ha slått seg til i Sogn og Fjordane. Dette er i strid med vedteken nasjonal rovviltpolitikk. Det er grunnen til at Fylkesmannen gav nytt fellingsløyve på måndag.

 

Sauekadaveret som vart funne på Blåbærstølen i Fjærland er førebels det siste sporet etter bjørnen.
Foto: Bjarte Haugen

Leiar Arne Bjørk i Jostedalen sankelag oppmodar folk om å hjelpe til i leitinga etter ferske kadaver eller spor. Men førebels avventar dei situasjonen.

Fellingsløyvet på bjørnen gjeld fram til søndag.