NRK Meny
Normal

Statnett vurderer sjøkabel til England

Torsdag opna verdas lengste sjøkabel, mellom Feda i Kvinesdal og Emshafen i Nederland. No vurderer Statnett fleire kablar.

Odd Håkon Hoelsæter
Foto: Eva Sleire / NRK

Den nederlandske næringsministeren snakka norsk og den norske olje- og energiministeren prøvde seg på nederlandsk. Det var pomp og prakt i Feda i Kvinesdal torsdag ettermiddag, då NordNed-kabelen vart offisielt opna ved at dei to ministrane plugga inn to overdimensjonerte stikkontaktar.

Terje Riis-Johansen "plugger i" kraftkabelen
Foto: Eva Sleire / NRK

Men kabelen har alt vore i drift i fire månader, og tent gode pengar. 546 millionar kroner.

- Det er 11 prosent av kostnadane ved å legga kabelen, langt meir enn vi hadde forventa, seier Odd Håkon Hoelsæter, konsernsjef i Statnett. Og fortenesta skal også koma kundane til gode, i form av billigare nettleige. No vil Statnett legga fleire sjøkablar til utlandet frå Sørvestlandet.

Fleire sjøkablar til utlandet

- Vi håper og tror at vi skal klare å legge minst tre minst tre kablar til frå dette området, den første går til Danmark, så vurderer vi Tyskland, Nederland og England.

Odd Håkon Hoelsæter i krafttunnellen i Feda
Foto: Eva Sleire / NRK

Det er mange kabelplanar på gang. Nederlendarane vil ha ein kabel til, Lyse og Agder Energi planlegg kabel til Tyskland, som Statnett kanskje blir med på: Det som er sikkert er at det ikkje blir to kablar til Tyskland, seier Hoelsæter. Kabelen til England er i følge Hoelsæter høgt opp og langt fram, men om den blir realisert skal den gå frå Kvilldal i Rogaland. Kabelen til Danmark og eventuelle kablar til Tyskland og Nederland vil bli lagt frå Feda.

- Positivt med fleire utanlandskablar

Og planar om fleire utanlandskablar fell i god jord hos olje- og energiminister Terje Riis-Johansen. Han har ein visjon om at Noreg skal bli storprodusent av fornybar energi, ikkje minst når det gjeld vindkraft til havs.

- Skal vi få til ein sterk auke i kraftproduksjonen her i landet, treng vi betre moglegheiter for kraftutveksling med andre land. Då er fleire slike kraftkablar heilt naudsynt, seier han.

Kabelen i krafttunellen i Feda
Foto: Eva Sleire / NRK

Kva skjer med straumprisen?

Det er stor usemje om kva kabelen til Nederland betyr for norske straumprisar. Nokre, som Norsk Industri, meiner straumen blir dyrare når vi blir tettare kobla til den europeiske straummarknaden. Analyseselskapet ECON meiner at straumkundar i både Nederland og Norge tener på kabelen. For vi får billig straum om natta frå nederland - og dei får billig straum om dagen frå oss.

Dessutan kjem nesten all straumen vi produserer frå vasskraft. Og når det regnar lite stig straumprisen her heime.

- I tørrår vil straumkundar i Noreg kunne tene på at vi har ein betre tilknyting til Europa, seier Riis-Johansen og understrekar at tettare kabelband til utlandet også gjev oss bedre forsyningstryggleik.