NRK Meny

VIL IKKJE HA RASKARE EL-SYKLAR:

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vil ikkje ha raskare el-syklar. NRK fortalde sist veke om folk som trimmar el-syklane sine til å gå raskare enn 25 kilometer i timen. Fleire meiner at el-syklane er eit bra alternativ til bil, og at dei derfor bør gå fortare, men Solvik-Olsen meiner at dei som vil køyra raskt heller kan kjøpa seg elmoped eller motorsykkel.