Hopp til innhold

Vil ha tips etter dødsulukke

Politiet er i gang med etterforskinga av dødsulukka som skjedde i Byfjordtunnelen på E39 nyttårsaftan.

Dødsulukke i Byfjordtunnelen

Tre personar var involverte i ulukka i Byfjordtunellen i Rogaland. Ei av dei omkom, medan to er alvorleg skadde.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Det var 38 år gamle Mona Hansen som mista livet då to bilar kolliderte i den undersjøiske Byfjordtunellen mellom Randaberg og Rennesøy like etter klokka 21 nyttårsaftan. Tilstanden til dei to andre som var involverte i ulukka er alvorleg men stabil.

Det er lensmannskontoret i Rennesøy som etterforskar ulukka, og dei er interesserte i tips skriv lokalavisa, Bygdebladet, på nett. Dei ønsker informasjon om kva som har skjedd før kollisjone mellom dei to personbilane.

Ifølgje lensmannen i Finnøy, Edvind Gard, ser det ut som om den 38 år gamle kvinna køyrde mot Stavanger, medan dei to i den andre bilen køyrde nordover.

–Me er førebels i den innleiande fasen av etterforskinga, og skal i gang med avhøyr av dei første personane som kom til på ulukkesstaden, seier Gard til avisa.

Politiet har sikra ulukkesbilane. Desse skal undersøkast av ulukkesgruppa til Vegvesenet og av politiet. Eit arbeid dei ifølgje Bygdebladet ikkje kjem i gang med før etter helga.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg