Hopp til innhold

Viking ute av cupen

Bryne slo Viking 1–0. Omar El Ghaouti sette inn vinnarmålet for Bryne tre minutt før slutt. – Eg synest dei spelar dritfotball, seier Zlatko Tripic.

Sjå målet og reaksjonar her.

Laster innhold, vennligst vent..

For fjerde gang i cupen sidan cupfinalen på Ullevaal i 2001 møter erkerivalane Bryne og Viking kvarandre. Og for fjerde gang vann Bryne.

– Klart me er redde for tap. Dei vant ganske lett mot oss i årets treningskamp også, sa Viking-trenar Bjarne Berntsen rett før kampstart.

I ein kamp med god laginnsats og surt vêr blei det til slutt Bryne som gjekk vidare i cupen. I det 87. minutt kom Omar El Ghaouti seg fri, og fekk hovudet på ballen ved eit innlegg.

– Herleg

Brynetrenar Ole Hjelmhaug sparar ikkje på komplimenta etter kampen.

– Bra av oss. Ei solid gjennomføring i sterk motvind i første omgang. Me var tolmodige og gode i forsvar, og me visste at sjansen ville komma, seier Hjelmhaug.

I pausen bestemte Bryne seg for at sigeren var deira.

– Me spelte taktisk godt og det var herleg når målet gjekk inn rett før slutt. Me har ein viktig kamp på laurdag og ville ikkje ut i ekstraomgangar.

Det er ein audmjuk Omar El Ghaouti som stiller opp til intervju etter kampen.

– Dette er fantastisk. Eg veit kor mykje dette betyr for byen, supporterane og laget. Eg var ikkje gira på å spela i 30 minutt ekstra.

Han også nemner utfordrande vêr.

– Vinden var hovudårsaka til at det ikkje gjekk så bra i første omgang. Men me rir inn 0–0 til pause, og planen var å slå til i andre omgang. Eg er veldig nøgd med korleis me spelar i 2. omgang. Det såg ikkje ut som Viking er ein divisjon over i dag, seier cuphelten.

– Dritfotball

Vikingspelar Zlatko Tripic gjev forholda på Bryne stadion skulda for tapet.

– Me er ikkje vand med gras, dei ballane eller den vinden. Eg synest me dominerer heile kampen og det er kjipt å få det målet i mot heilt på slutten.

Han synest Bryne spelar dårleg.

Bryne har eit par kontringar elles slår dei berre langt. Eg synest dei spelar dritfotball, heilt forferdeleg. Eg er glad eg ikkje er brynespelar.

Han gratulerer dei likevel med sigeren.

– All ære til Bryne for at dei vann.

No skal Viking fokusere på heimekampen mot Notodden på søndag.