NRK Meny

Vasskuter funnen drivande

Det er full leiteaksjon på sjøen ved Sølyst i Stavanger etter at ein vasskuter blei funnen drivande utan førar. Både politiet sin båt, kystvaktbåt og redningshelikopteret til Hovudredningssentralen Sør-Norge er sendt ut. Motoren var lunka. Skuteren er oransje, svart og kvit.