Hopp til innhold

Henrik (18) reiste frå Stavanger til Haugesund for å ta lappen

Det er vanskeleg å få tatt førarprøver til bil i store delar av landet. Sjølv om Henrik Underhill har ein trafikkstasjon i heimbyen, reiste han 85 kilometer for å ta lappen.

Henrik Underhill sitter i førersetet

Henrik og køyrelæraren må køyra i to timar for å koma til trafikkstasjonen i Haugesund, men han er fornøgd for å ha fått tid til oppkøyring i det heile.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

– Det er så stappfullt med bestillingar i Stavanger, så då fann eg ikkje der. Då blei det Haugesund.

Sjølv om det ikkje er heilt optimalt, er Henrik Underhill glad han i det minste fekk tid til oppkøyring berre ein månad etter han blei 18 år.

Først må han og køyrelærar Christian Mozart Torp Øverlien køyra i to timar til Haugesund.

Henrik og køyrelærar Christian er i bilen i Stavanger, på veg til Haugesund.

Henrik har ikkje køyrt i Haugesund før, så han kjenner ikkje vegane der så godt som i heimbyen.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Øverlien har eigentleg ferie, men er på jobb for at Henrik skal få køyra opp. Livet som køyrelærar er for tida uforutsigbart grunna førarprøvekaoset.

– Det gjer vår kvardag veldig vanskeleg. Plutseleg må me hoppa rundt og hive oss etter ein førarprøve som vi ikkje hadde planlagt.

Kjørelærer i Safe Trafikkskole Christian Mozart Torp Øverlien

– Eg skulle eigentleg ha vore på hytta, men sidan eg ikkje var så langt vekke, tok eg meg ein dag saman med Henrik for å køyra opp, seier Christian Mozart Torp Øverlien, dagleg leiar og køyrelærar i Safe Trafikkskole.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

Problemet er størst i dei større byane

Det har lenge vore lange køar for oppkøyring fleire stadar. Slik har det så og sei vore sidan pandemien starta i 2020.

Sjølv om situasjonen har normalisert seg på dei mindre stadane, er det ennå stor pågang i dei større byane, ifølge Statens vegvesen.

Synnøve Ekrene i Norges trafikkskoleforbund lurer på kvifor det ennå ikkje har blitt betre.

– Statens vegvesen skuldar litt på korona endå, men det meiner eg at dei ikkje kan gjera lenger.

Synnøve Ekrene

Synnøve Ekrene, medlem i Norges Trafikkskoleforbund, meiner Statens vegvesen burde ha skaffa fleire sensorar tidlegare.

Foto: Privat

Den store pågangen frustrerer både dei som vil ta lappen og køyreskulane.

– Elevar og føresette ringer og kjeftar på trafikkskulane, fordi me ikkje klarar å skaffe prøvar, men det er ikkje me som legg ut prøvane, seier Ekrene.

– Som å spela i lotto

Ho fortel at køyreskulane må bruke mykje tid og ressursar på å heile tida prøve å få oppkøyringstider til elevane. Dei blir lagt ut på tilfeldige tidspunkt, opp til 16 veker fram i tid.

– Det er som å spela i lotto. Du er heldig om du finn noko når du loggar deg inn.

Statens vegvesen prøvde å legge ut prøvane på faste tidspunkt då dei opna igjen etter pandeminedstenginga. Problemet var at så mange prøvde å logga seg på samtidig, at det blei tekniske utfordringar for systema.

Dermed begynte dei å spreie tidspunkta for å legge ut prøvane.

Stein Bjarne Wannebo, kontorsjef ved Trafikant Rogaland, forstår at det kan opplevast som urettferdig.

– Det er sjølvsagt slik at nokon har flaks og loggar inn akkurat på rett tidspunkt, men det er vanskeleg å unngå, dessverre.

Stein Bjarne Wannebo står utanfor Statens vegvesen

– Vi har vore litt for få sensorar over litt for lang tid, seier Stein Bjarne Wannebo i Statens vegvesen om dei lange ventelistene i Rogaland.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Fleire vil ta lappen

Etterslepet etter å ha stengt ned i to månader i 2020, meiner Statens vegvesen dei fort tok igjen.

Sidan pandemien har dei tilsett fleire sensorar, over 50 nye det siste året, samt hatt mange førarprøver på overtid og i helg. I tillegg har dei sendt sensorar frå andre stader i landet til der det har vore mest trykk.

Grunnen til at det framleis er lange ventelister, meiner dei er fordi fleire har sett behovet for å ha førarkort.

– Folk har fått seg ein vekkar og har innsett at førarkort kan vera veldig viktig både i dagleglivet og på ferie og fritid, seier Heidi-Kristin Herbst,
seksjonssjef i Trafikant nord.

Om ein samanliknar første halvår i 2019 med første halvår i 2021, har det vore ei auke i talet på førarkortprøvar på 19 prosent nasjonalt.

Herbst håpar på betring snart. Siste rest av dei nye sensorane vil vera i arbeid i haust. Samtidig vil dei fortsetja med å ha prøvar på overtid og å flytte sensorar til stader der det trengst.