Hopp til innhold

Valet i Sola

 Sola er kanskje den klarast blå kommunen i Rogaland. Styrt av eit reint fleirtal av Høgre og Frp. Det har ført til privat SFO-løysing og at all utbygging skjer i privat regi. Arbeiderpartiet kjem til å setja inn støytet mot desse løysingane i valgkampen.

Håkon Rege

Høgreordførar Håkon Rege har to år bak seg som Frp-ordførar. Seinare skifta han parti, men når Høgre og Frp har reint fleirtal i Sola, så viser det igjen i politikken. Også leiar av den einaste bygdelista i kommunen, Tanangerlista, er tidlegare høgrepolitikar.

Sola er ein rik kommune og var det i endå større grad på 80-talet. Det er mange oljeselskap som har hovedkontor i kommunen og flyplassen og det som har med den å gjera ligg innanfor grensene.

Aktuelle kandidatar

 

  • Håkon Rege har vore ordførar i Sola i 10 år nå. To år som landets første Frp-ordførar og etter ein pause- to periodar som høgreordførar. Han stiller til valg igjen.
  • Tom Henning Sletthei er Frp sin ordførarkandidat. Denne perioden har han vore utvalgsleiar for utbygging og gjort seg bemerka som det.
  • På andre sida står Siv-Len Strandskog for Ap. Ho er ny som leiar, men er rutinert som politikar.
  • Ny er også toppkandidaten for SV, Ernst Schønborg.
  • Jørund Ubøe Soma er styreleiar i Rogaland Naturvernforbund og stiller for Senterpartiet.
  • Jan Sigve Tjelta er Krf sin toppkandidat.
  • Verdt å merka seg er det at Pensjonistpartiet stiller lista med Birger Martin Strand. Han har tidlegare også vore fylkespolitikar for det same partiet.
  • Inger Tranvåg held fram på 1. plassen til bygdelista ”Tanangerlista”.

Aktuelle saker

Skal SFO-tilbodet vera privat også i framtida? Det meiner ikkje dei sosialistiske partia, som ser på den nåverande ordninga som dyr og dårleg. 
Høgre og Frp har vedtatt fritt brukarval for heimesjukepleien. Brukarane får pengar og kan bruke dei som dei vil. Det blir det debatt om. 
I Tananger sentrum er det strid om kva ei tomt skal brukast til. Skal den seljast til private, eller skal den takast hand om av kommunen og byggjast ut slik at det tener sentrum. 
Og er det berre private utbyggjarar som skal stå for utbyggjinga i kommunen? Ja, det er billegast og enklast både for kommunen og kjøparane, meiner Høgre og Frp. Nei, for dei bryr seg ikkje om noko anna enn å få mest mogeleg pengar ut av prosjektene, meiner Ap og SV.

Valstatistikk

Val-91: Ap-6, SV-2, V-1, KrF-5, Sp-6, H-8, Frp-8, Pp-2, Bygdelista-3

Val-95: Ap-7, V-2, KrF-5, Sp-6, H-9, Frp-7, Pp-1, Bygdelista-4

Val-99: Ap-6, V-2, KrF-6, Sp-3, H-12, Frp-9, Bygdelista-3

Val-03: Ap-6, V-1, KrF-5, Sp-2, H-11, Frp-11, SV-3, Tanangerlista-2

Les hva politikerne skriver på Torget . Der kan du også delta i debatten og skrive inn egne meninger.