NRK Meny
Normal

Unge svakare i «kvardagsmatte»

Unge mellom 16 og 29 år er mykje svakare i såkalla kvardagsmatematikk enn tidlegare, viser ei samanlikning av to store studiar. Klarer du mattenøttene i denne artikkelen?

Karen Helen Sølversen

– Me har jo mobilar og kalkulatorar over alt, så mange seier me ikkje treng mattekunnskap i kvardagen, men me gjer jo det, meiner Karen Helen Sølversen (28).

Kva betyr statistikken presentert i avisa? Kva medisinering skal eg ha? Rekk eg møtet på jobben klokka 8 dersom eg syklar klokka 7?

Det er spørsmål som dette kvardagsmatematikk handlar om, og som alle må forholda seg til bevisst eller ubevisst.

Nå har to forskarar ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger (UiS) samanlikna to store kartleggingar på dette området, ein frå 2003 og ein frå 2012 (sjå faktaboks).

Fasiten er at talforståinga er blitt mykje svakare i aldersgruppa 16–29 i løpet av dei ni åra.

– Gir grunn til uro

For når ein samanliknar gjennomsnittsskåren til gruppa mellom 16 og 19 i 2003 med tilsvarande måling av dei som var blitt 25 til 28 i 2012, finn ei ikkje den venta utviklinga, som er at ein blir betre med alderen.

I staden fekk desse omtrent same snitt i 2012 som dei gjorde ni år tidlegare. Norge er det einaste blant dei 12 landa som deltok i desse to undersøkingane kor dette har skjedd.

I tillegg viser kartleggingane at færre unge vaksne er skikkeleg gode i kvardagsmatematikk, og fleire skårar lågt, samanlikna med det internasjonale snittet.

– Dette gir grunn til uro. Nå må me prøva å finna årsakene til denne trenden, seier postdoktor ved UiS, Mary Billington.

Mary G. Billington

Postdoktor ved UiS, Mary Billington.

Reformer kan vera forklaringa

Ho forklarer at kunnskapar i kvardagsmatematikk er heilt nødvendig, og viser til at dei som er dyktige på dette feltet i større grad har jobb, tener godt og har betre helse.

Nå spør forskarane seg kva desse trendane kan skuldast, i ei gruppe med eit historisk høgt utdanningsnivå. Billington peikar på reformene som har blitt innført dei siste 20 åra, altså reform 97 og Kunnskapsløftet 2006.

– Det kan henda uroa alle desse forandringane har ført med seg, har ført til at elevane ikkje har utvikla dei ønska ferdigheitene. I tillegg kan andre faktorar som kvalitet på undervisning og lærarutdanning ha spelt inn.

Mattenøtt

Vaksne i toppen

NRK utfordra fleire unge studentar ved Universitetet i Stavanger på nokre av oppgåvene i undersøkingane. Karen Helen Sølversen (28) var blant dei som sleit med fleire av spørsmåla.

– Eg synst det var vanskeleg og eg stoler ikkje på det første eg tenker på.

– Kva tenker du om at unge skårar dårleg på kvardagsmattematikk?

– Eg fekk ekstra matteundervisning i skulen, og det hjelper meg i kvardagen. Me har jo mobilar og kalkulatorar over alt, så mange seier me ikkje treng mattekunnskap i kvardagen, men me gjer jo det, meiner 28-åringen.

Det gledelege med den siste undersøkinga, som blir kalla «PISA for vaksne» (PIAAC), er at dei over 30 år skårer godt over OECD-snittet i alle aldersgrupper.

PS: Fasit på oppgåvene kjem her: Bensinmålaren: 36 liter. Prisen på tv-en: 2.550 kr. Sjansen for trear på andre terning: 1/6. Sjansen for to seksarar: 1/36.