Mange pultar sto tomme i norske klasserom i dag.
Inspirert av den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg (16) tok tusenvis av ungdommar til gatene. Protesten er klar: Politikarane tar ikkje klimasaka alvorleg nok.
– Kva vil me ha?
– Klimatiltak!
– Når vil me ha det?
– No!
Opptil 500 elevar streika for klimaet i Stavanger.
Foto: Gunnar Morsund / NRKRop frå megafonar runga i fleire byar denne fredagen. I mellom andre Lillehammer, Haugesund, Mandal, Bergen, Gjerstad, Stavanger, Oslo, Trondheim og Ås gjekk elevar heller i tog enn å vere på skulen.
– Politikken til dagens regjering gjer jordkloden svartare, klimaet varmare og forbruket vårt høgare, seier Thelma Eckoff Dagestad i Grøn ungdom.
Ho er blant initiativtakarane til demonstrasjonen i Stavanger, og meiner oppmøtet viser at ungdommar har forstått at miljøsaka er viktig.
Stappfullt i trappene framfor rådhuset i Stavanger under demonstrasjonen fredag.
Foto: Gunnar Morsund / NRKI pøsregnet streika opp mot 500 elevar i oljebyen. Det bakteppet er ekstra spesielt, meiner den andre arrangøren.
– Oljeeventyret har gitt Noreg mykje velstand, men det er på tide å gå vidare. Norsk olje vil ikkje vere lønsam i ei framtid kor mange snart heller investere i grøn energi, seier Frederik Eidesen i Grøn ungdom.
«Fravær for framtid» laud ein av plakatane i Stavanger
Foto: Gunnar Morsund / NRKIkkje gyldig fråvær
I dei fleste fylke får elevane ugyldig fråvær for droppe skulen for klimaet. Fleire tar til orde for at slike saker burde vore eit unntak.
Venninnene Anna, Lina, Oda og Milla har møtt opp trass konsekvensane.
– Me har berre ei klode. Det er besteforeldra og foreldra våre som har gjort dette, og me må leve med følgene, seier Oda.
Fråvær var inga hindring for desse venninnene.
Foto: Gunnar Morsund / NRKBror Alvin ofrar skuledagen for klimaet.
Foto: Terje Gording Hong / NRK– Eg meiner dette er det viktigaste eg kan engasjere meg i no. Me må få fleire med kunnskap om klima til å styre landet, meiner Bror Alvin frå Lillehammer VGS.
Grøn ungdom meiner dette opprøret bør få politikarane til å skjelve.
– Om nokre år kan mange av desse elevane stemme. Det burde dei som ikkje tar tak i klimaproblemet forstå, seier Frederik Eidesen.
Tusenvis av bergensarar samla seg til klimastreik på Torgallmenningen torsdag.
Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK