Hopp til innhold

Framme etter ei tøff reise

Seint i kveld kom to bussar med 60 flyktningar frå Ukraina til Gjesdal gjestgiveri i Rogaland. Der blei dei tatt imot av mange friviljuge og med varm mat og gode senger

Aleksandre Mjavanadze, kona og dei to døtrene er framme ved Gjesdal gjestgiveri

Aleksandre Mjavanadze, kona og dei to døtrene er framme ved Gjesdal gjestgiveri.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Aleksandre Mjavanadse pakkar bagasjen ut av bussen han har halde til i, i over to og eit halvt døgn.

På parkeringsplassen på Ålgård fordeler han det dei fekk med seg ut frå Ukraina til seg sjølv og til kona og dei to døtrene.

Han er takksam for å ha kome til Noreg, men er sterkt prega av krigen og den lange reisa.

– Foreldra mine er igjen i Ukraina og eg tenker heile tida på korleis det går med dei, seier han.

Foreldra var for gamle til at dei kunne bli med på den strabasiøse flukta til den polske grensa.

To bussar med flyktningar kom til Ålgård litt over klokka 22 sundag kveld.

Dei to kvite bussane med flyktningar frå Ukraina har parkert utanfor Gjesdal gjestgiveri.

Frivillige leverer klede på Ålgård.

So mange av lokalbefolkninga møtte opp med klede og utstyr at fleire måtte ta det med seg heim att, rett og slett fordi det var fullt.

Nicolai Storm-Johansen (10), Martine Omdal-Edland (13) og Bethina Storm-Johansen (13)

Nicolai Storm-Johansen (10), Martine Omdal-Edland (13) og Bethina Storm-Johansen (13) gjer klart timar før flyktningane kjem.

Gjesdal Gjestgiveri

Flyktningane vart møtt med velkomst og eit utval klede lokale på Ålgård hadde levert.

Olav Aarsland, Grete Natalie Storm-Kohansen og Vegard Tjelta Rusnes planlegg kven som skal bu kor.

Olav Aarsland, Grete Natalie Storm-Johansen og Vegard Tjelta Rusnes går gjennom listene og fordeler flyktningane på romma på Gjesdal gjestgiveri.

Velkomstplakaten som er klar på Gjesdal gjestgiveri

Velkomstplakaten som er gjort klar på Gjesdal gjestgiveri.

Der måtte Aleksandre og familien hans venta i 20 timar før dei kom over.

– Til saman har me nå vore på flukt og reise i over seks døgn, slår Aleksandre fast.

Endeleg framme

Det er flest kvinner og barn, blant flyktningane i dei to kvite bussane. I tillegg er det nokre eldre menn, og nokre yngre menn som ikkje er ukrainske statsborgarar. Dei har fått lov til å reise frå landet.

Alexandra sammen med sønnen sin

Det var også små barn i bussen. Dette er Alexandra sammen med sin eitt år gamle son.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Reiseleiar og initiativtakar for å reise til grensa mellom Polen og Ukraina for å hente flyktningar til Noreg, heiter Jan Helge Vassbø.

Han hadde lenge vore uroa over situasjonen i Russland, og hadde frykta krigen som Putin sette i gang.

Då angrepet på Ukraina byrja kunne han ikkje lengre sitja i ro.

– Kvinnene og barna på bussen fortel historier om fedrar og søner som blei igjen i Ukraina for å slåst i krigen. Det er hjarteskjerande, seier Vassbø.

Men samstundes får han nå jamt og trutt oppfordringar frå folk i Ukraina om å koma ned igjen for å ta med fleire flyktningar.

– Det er også nokre som seier at dei ikkje kjem ut av landet, og som spør om eg kan henta dei i Ukraina, seier Vassbø.

Portrettbilde av Jan Helge Vassbø, tatt seint på kvelden

Jan Helge Vassbø har lova flyktningane at han skal halda kontakten med dei vidare.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Friviljuge i alle aldrar

Ei av dei friviljuge som sto klar til å ønskje dei om lag 60 flyktningane velkommen var Emilie Adhiambo Oyamo. Ho er 14 år og kjem frå Undheim på Jæren.

–Det er viktigare å hjelpa her enn å sitja heime og sjå på fjernsyn ein søndagskveld, seier ho.

14-åringen veit at det er mange barn og unge blant dei som kjem. Det yngste barnet er fødd i 2021.

Emilie Adhiambo Oyamo

Friviljuge Emilie Adhiambo Oyamo (14), hjelper til med å brette klede

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er sikkert meir spanande for dei å møte andre unge slik som oss, i staden for berre vaksne folk. Me skal ta imot dei og leka med dei som vil det, seier Emilie.

I løpet av søndagskvelden har ho bore opp klede og sko i andre etasje. Ho har sortert gåvene frå folk i området etter storleik, og ho har bretta dei fint saman.

Mange har møtt opp

– Det er heilt fantastisk med alle som vil vera med å hjelpa, sa Olav Aarsland litt tidlegare på kvelden.

Olav Aarsland - medeigar Gjesdal gjestgiveri

Olav Aarsland – medeigar Gjesdal gjestgiveri

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Folk kjem med klede og utstyr. Det rører i hjarta, seier Aarsland.

Han er medeigar i Gjesdal gjestgiveri, som har stått tomt ei lang stund. Heile dagen har friviljuge jobba med å gjera klar mat, ordna romma og organisere mottaket av 60 ukrainarar.

Først vart flyktningane registrerte, deretter fekk dei eit måltid varm mat og så fekk dei installere seg på romma sine.

– Etter det konsentrerer me oss om å vera medmenneske, seier Aarsland.

Han har ikkje nokon avtale om korleis betalinga for flyktningane skal organiserast, men han reknar med å finne det ut i samarbeid med Gjesdal kommune.

Eit privat initiativ

Olga Zetterstrøm og Jan Helge Vassbø

Olga Zetterstrøm og Jan Helge Vassbø før dei reiste til Polen og henta 65 flyktningar frå Ukraina.

Foto: Ole Andreas Bø / Ole Andreas Bø

Det er Jan Helge Vassbø, saman med Olga Zetterstrøm som har stått i fremste rekke for å få med to bussar frå Sandnes i Rogaland ned til grensa mellom Polen og Ukraina.

I den polske byen Korczova, rett vest for den kjende ukrainske byen Lviv, henta dei om lag 65 ukrainske flyktningar.

Det skjedde på fredag morgon, og starten på heimreisa blei dramatisk.

Alt på fredag kveld, då dei to bussane var på motorvegen i nærleiken av byen Szczecin, nordvest i Polen, skjedde noko svært alvorleg.

Ein lastebil trefte bussen på venstre sida framme, då bussen skifta felt. Det blei så store skader at verken buss eller lastebil kunne køyra vidare.

Skader framme på norsk flyktningbuss etter ulukke på motorveg i Polen

Den eine bussen blei kraftig ramponert etter kollisjonen med ein lastebil på motorvegen i Polen.

Foto: Jan Helge Vassbø

Det eine vindauga på bussen blei knust og glaset spruta inn på dei passasjerane som sat fremst i bussen. Tre kvinner måtte på sjukehus, fortel Jan Helge Vassbø.

Måtte finne husly for 75 personar

Vassbø sette deretter i gang arbeidet med å skaffe hotellrom til dei totalt 75 personane som var i dei to kvite bussane.

Laurdag morgon var han framleis usikker på når dei ville vera klare til å koma i veg.

– Ei av kvinnene måtte tilbake til sjukehuset, fordi skaden var så stor at ho ikkje kunne reise vidare med oss andre, fortalde Vassbø.

Ukrainske flyktninger på vei til Norge med buss

Ukrainske flyktningar om bord i bussen. Her har dei nett starta reisa gjennom Polen på veg til Noreg.

Foto: Jan Helge Vassbø

Men laurdag føremiddag hadde dei skaffa ein reservebuss, og alle flyktningane, også den hardast skadde kvinna, var om bord.

Dei tok ferje frå Polen til Danmark klokka 16 laurdag ettermiddag. Vidare køyrde dei over Øresundbrua, gjennom Sverige og til flyktningmottaket i Råde i Østfold.

Etter å ha fått ordna med innreiseløyve, sette dei seg igjen i bussen og var framme i Gjesdal i Rogaland i 22-tida, søndag kveld.