Hopp til innhold

Twitter-poesi gav hit-låt

Twitterpoeten «2rvund» si strofe «Du er nede for telling. Eg er oppe for show.» gav Bjørn Eidsvåg ein kjempehit.

Video Torvund på twitter

Helege Torvund frå Jæren er noko så sjeldan som twitterpoet. I tillegg er han psykolog, diktlærar og forfattar.

Poeten Helge Torvund bruker det sosiale mediet Twitter til å skriva poesi. Her kallar han seg 2rvund, og Twitter-poesi er noko heilt eige seier han:

– Ein del av det eg skriv er små spontane observasjonar. Poetiske formuleringar frå ting eg nett har opplevd, seier Torvund.

Suksess med Eidsvåg

Prosjektet hans er å undersøka om interessa for poesi kan auka med å bruka twitter som kanal.

2rvund kan til tider skriva fleire dikt om dagen, men eitt av dikta skulle ta litt meir av enn det han kanskje hadde venta. Denne twitter-meldinga var: «Du er nede for telling. Eg er oppe for show. Du eller ei elling. Eg seier Go! Go! Go!»

– Bjørn Eidsvåg tok kontakt og meinte at dette var svært spanande som eit refreng, og lurte på om eg kunne skriva nokre vers til dette så skulle han laga musikken, seier Torvund.

Bjørn Eidsvåg og Thomas Dybdahl

Bjørn Eidsvåg og Thomas Dybdahl har hatt stor suksess med plata «Rundt neste sving», på plata er hit-låta «Nede for telling».

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Ein vill bonus

Eidsvåg skal tidleg ha sagt at dette vil bli ein hit, noko det også blei.

– Det er heilt sprøtt at det tok slik av, og eg anar ikkje kva dette vil ha å seia for meg reint økonomisk. Men at Twitter-meldinga blei ein hit tar eg som ein vill bonus, seier Torvund.

Slik blei den endelege teksten:

Nede for telling

Du har alltid vore ein nølar
Stod stille mellom ja og nei
Hadde alltid ute ein følar
Kom deg aldri i vei

Eg svarte ja før eg tenkte
Gjekk inn kvar open dør
Når det røda lyse blenkte
Gjekk eg raskare enn før

Du er nede for telling
Eg er oppe for show
Du ellar ei elling
Eg seier Go! Go! Go!

Du er nede for telling
Eg er oppe for show
Du ellar ei elling
Eg seier Go!

Du venta med det mesta
og ville sjå det an
Du ville ha det besta
Du brukte din forstand

Eg visste godt kva eg ville
Og tok det eg kunne få
Du var alltid så merkeleg stille
Men sjå på oss nå

Du er nede for telling
Eg er oppe for show
Du ellar ei elling
Eg seier Go! Go! Go!

Du er nede for telling
Eg er oppe for show
Du ellar ei elling
Eg seier Go!

Eg heiv meg på karusellen
Du stod tafatt å kikka på
Eg dansa heile kvelden
Du var pryden i ei krå

Nå er eg mett og eg er sliten
Har fått meir enn eg vil ha
Du kom med i siste liten
Nå er det du som seier ja

Eg er nede for telling
Du er oppe for show
Eg ellar ei elling
Du seier Go! Go! Go!

Eg er nede for telling
Du er oppe for show
Tid for di fortelling
Du seier Go!

Fleire songar

I tillegg til denne songen, har det blitt fleire songar ut frå 2rvund sine Twitter-meldingar.

Sjølv dreg han fram «Å gå i skuggen av skyer», som blei ein heil song etter Johan Egdetveit viste interesse i strofa.

I ei ny diktsamling Helge Torvund nå skal gje ut er mykje basert på erfaringar han har gjort frå Twitter-poesien.

– Mykje av det ein skriv spontant ned blir sjølvsagt forkasta, men i det har vore ein del formuleringar og uttrykk som har haldt mål og har hamna i dikt, seier han.