Hopp til innhold

Turistinvasjon i Stavanger

Fire cruiseskip med til saman 3600 passasjerar har måndag vore innom Stavanger. Det har prega byen.

Se video i bunn av artikkelen.

Engelsk, fransk og spansk er nokre av språka Inge Anda, leiar i Straen velforeining, har høyrt utanfor døra si i den gamle delen av Stavanger.

– Viss eg går ut med bosset og lar døra stå open har eg besøk når eg kjem tilbake seier han. Men eg likar sjølv å sjå korleis andre har det når eg er ute og reiser.

Inge Anda

Leiar i Straen velforeining klagar ikkje, sjølv om gata hans idag har vore invadert av turistar.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Kva tenker du om å ha så mange nysgjerrige turistar utanfor døra?

– Det blir sagt at det er bra for byen, og at dei legg igjen mykje pengar, så eg vil ikkje klaga på at det er litt mange turistar her nå.

Overraska

Og turistane som fekk sjå Stavanger i strålande solvêr i dag, blei svært overraska.

Stavanger skulle berre vera ein stopp på veg heim frå Bergen.

Britiske turistar i Stavanger

Desse turistane frå Storbritania lot seg overraska over «oljebyen».

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Me fekk høyra at Stavanger skulle vera ein oljeby, og trudde derfor at byen ikkje skulle vera særleg fin. Men både den kommersielle delen av byen, og her i gamle Stavanger er det svært fint, seier ein britisk forbipasserande.

Kona trekk fram arkitekturen og alle trehusa som det finaste med byen.

– Dessutan er vêret betre her enn i Bergen der det regna heile tida, seier ho.

Video CRUISE-SKIP-280610S-RO-092023-SI_RO.mp4