Hopp til innhold

Trenar opp rev til å bli turvenn

For den som er glad i å gå tur, er valet av turkamerat viktig. Silje Matnisdal har gjort eit spesielt val - og det byr på utfordringar.

For den som er glad i å gå tur, er valet av turkamerat viktig. Silje Matnisdal har gjort eit spesielt val - og det byr på utfordringar.

Reven Ayla og matmor Silje Matnisdal på treningstur. Håpet er at Ayla kan bli ein god turkamerat.

– Kom igjen, seier matmor Silje Matnisdal til gullreven Ayla.

Dei to skal ut på nok ein treningstur saman. Målet er at den tre månadar gamle reven hennar skal bli ein god turkamerat.

– Eg håpar at det fungerar, slik at me kan gå lange turar saman. Men om ein rev vil trivast på tur, er jo veldig vanskeleg å seia. Det er ikkje eit dyr som trivst i fangenskap.

Men denne dagen ser det ut som at reven Ayla synst det er greit å gå på tur saman med henne. Silje slepp bandet, og reven held fram med å følgje etter henne.

– Eg er veldig nysgjerrig på korleis dette går. Eg har hatt å gjera med revar før, men eg har aldri før hatt dei med på tur. No ser det jo ut som det går greit. Det einaste eg er redd for er at ho skal eta på teltet.

Vaks opp med revar

Silje Matnisdal vaks opp på ein gard der dei hadde to tamme revar. Og det var då tanken slo henne, om det ikkje hadde vore kjekt å fått med seg ein rev på tur.

– Det har låge i bakhovudet heile vegen, og no fann eg ut at eg ville prøva.

– Kvifor ein rev, og ikkje ein hund?

– Det har eg eigentleg ikkje noko godt svar på. Men det er vel fordi at eg synst at revar er sjarmerande dyr, med kule fakter.

Rev

Reven Ayla blir trent opp av matmor Silje Matnisdal til å gå lange turar. Men det blir også tid til å slappe av i sola.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Glad i å bita

Men å ha ein rev som kjæledyr har sine utfordringar. Då ho fekk Ayla var ho berre fire veker gamal, og då måtte Silje opp fleire gonger i løpet av natta for å mate henne. I tillegg har ho gjort heile huset "revesikkert".

– Det er eit reinspikka rovdyr, og dei er nesten umoglege å få husreine. Dei tygger sundt alt, og dei er veldig agressive når dei ikkje får viljen sin.

Og då er reven glad i å bita.

– Eg får gjennomgå, seier Matnisdal.

Henta reven på pelsdyrfarm

Silje Matningsdal

Silje Matnisdal kjøpte reven Ayla av ein pelsfarmer.

Foto: Thoams Ystrøm / NRK

Det er ikkje vanleg å ha ein rev som kjæledyr. Og i Norge er det omstridt, sjølv om det ikkje er noko direkte forbod mot det.

Silje Matnisdal trur likevel at reven Ayla kan få eit betre liv saman med henne, enn utan. Ho kjøpte nemleg Ayla av ein pelsfarmer.

– Ho hadde jo mest sannsynleg blitt til ei pelshue, ein krage, eller kanskje ei kåpe.

– Så dette er ein betre skjebne for reven?

– Ja, det er jo det, det er det eg håpar. Ho skal vertfall bli litt friare.

Ein sliten rev

Vel framme ved målet er Ayla sliten, og Silje må bera henne heim igjen. Denne turen gjekk bra, men om dei når målet om mange lange turar er uvisst.

Kva gjer du om det ikkje går bra?

– Det veit eg ikkje, eg har ikkje hatt lyst til å tenkje på det. Men me får det til på eit vis. Eg hadde jo ikkje gjort dette viss eg ikkje hadde hatt trua på det, seier Matnisdal.

Sliten rev

Ayla er sliten etter turen. Om ho endar opp med å bli den ultimate turkameraten er uvisst.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Flere nyheter fra Rogaland