Hopp til innhold

Slik kan du sova i tropevarme

For dei som slit med svevnen i desse tropenettene, kan dette koma godt med! Den kjende hjelpearbeidaren, Ingar Kvia, har mange gode sovetips etter fleire år med jobbing i Afrika.

Sovetips frå Afrika

Eitt av tipsa Ingar Kvia har teke med seg kjem frå ein gamal misjonær. Tipset har Stavanger Aftenblad og kaldt vatn som viktigaste ingrediensar. Kanskje funka dette betre før Aftenbladet gjekk over til tabloidformat? Høyr innslaget lenger nede i saka. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Høyr radioinnslaget her!

Tropenetter er langt frå vanleg i Norge, men når nå opplever store delar av landet at gradestokken ikkje kryp under 20-talet. Heller ikkje om natta!

For mange kan det vera vanskeleg å få sova når det er så varmt, men fortvil ikkje. Det finst folk som har lang erfaring med varme netter, og dei har gode tips.

Tips frå Afrika

Ingar Kvia frå Jæren har i fleire år drive med hjelpearbeid i Tanzania i Afrika, og har sjølvsagt mange tropenetter bak seg. Ein av stadene han jobbar fortel han at ei ny t-skjorte er så blaut at du kan vri den opp etter ein time.

Ingar Kvia

Ingar Kvia frå Jæren driv hjelpearbeid i Tanzania.

Foto: NRK

– Om nettene er det mange gonger så varmt at du sit å geispar etter luft, nett som ein fisk som held på å daua. Eg har både prøvd å opna vindauge og dører, men det er så stilt at gardinene berre heng rett ned, fortel han.

– Så kva gjer du då?

– Skal eg overleva må eg gå opp to til tre gonger i løpet av natta og dusja meg i kaldt vatn. Eg tørkar meg ikkje, men går nett som ein fant og legg meg blaut. Det nyttar ikkje å bry seg om senga blir blaut. Han seier at ein får seg eit par timar med svevn på denne måten.

Aftenblad og vatn

Han har også eit anna godt råd frå svigerfaren sin, som var misjonær i Ethiopia på midten av 50-talet.

– Han fortel at for dei som bur i Rogaland kan det vera greitt å leggja gamle Aftenblad i blaut, og breia dei over seg når ein skal leggja seg. Rett på den nakne kroppen. Dei blaute avisene trekk varmen ut av kroppen på deg, seier han.

Men trass dei gode tipsa har Ingar Kvia eit viktig bodskap heilt til slutt.

– Me må vera glade for det gode vêret me opplever i Rogaland nå. Me må nyta det, og ikkje sjå på det som eit problem, det varer ikkje lenge, seier den verdsvande mannen.

Kva er dine tips for å få sova i varmen?

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg