Hopp til innhold

Du vil ikkje tru kor det har blitt kult å sova...

– Folk kan koma i Audiar til over millionen og be om teltplass, det er litt artig.

Telt

Kenneth Haugland (høgre) er på telttur med fem ungar og synst det er ein strålande måte å bruka ferien.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– To telt med to soverom, slik fartar me rundt. Og me søv kjempegodt sjølv om det regnar ute, forkynner Kenneth Haugland som har køyrt frå Bergen til Rogaland med fem barn for å telta.

Utfor duk-døra sit familien rundt eit campingbord i graset, slappar av og spelar yatzy. Turen var eit spontant innfall ifølge Haugland.

– Då er det veldig greitt å berre hiva med seg teltet og reisa, forklarer han, og legg til at teltferie er heilt topp. Det synet deler stadig fleire.

Folk i alle aldrar

– Dei siste to åra har me opplevd ei sterk auke i telting, seier eigar av Ølberg camping, Ragnar Oftedal. Fleire campingplassar i distriktet bekreftar det same.

Naturopplevingar, enkelheit og barndomsminner er moglege grunnar til trenda, trur han.

– Det å bu i telt har blitt populært, ikkje berre blant ungdomar, men også godt vaksne folk og mykje barnefamiliar, utdjupar han.

Ragnar Oftedal

Ragnar Oftedal og kona Kristine har merka seg stadig fleire telte-gjester dei siste to åra.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Telta folk ferierer i varierer frå små fjelltelt til store luksustelt med fleire rom ifølge campingplasseigaren.

Natur og opplevingar

– Eg går ut ifrå at folk har lyst til å oppleva enklare kår. Dei kjem jo nært på naturen, og høyrer kvart vindpust og kvar regndrope som fell, seier Oftedal.

I tillegg trur han mange foreldre har lyst til å dela telte-opplevinga med ungane sine.

– Det er noko ungar set pris på, og som dei vil huska heile livet, meiner han.

Eigar av Haraldshaugen camping i Haugesund, Jon Arne Waage har òg merka seg den nye trenda, og trur det har meir med kjensler enn økonomi å gjera.

– Folk kan koma her med ein Audi til over millionen og spør etter teltplass. Det er jo litt artig, meiner han.

Og om elementa ikkje vil spela på lag, teltet er blaut, eingongsgrillen har blåse vekk og ungane går sure?

– Då pakkar du berre teltet og reiser heim! ler Haugland hjarteleg, og skuar med mjukt sommarblikk over ein campingplass med kvilepuls.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg