Hopp til innhold

Riksveg 13 opna etter steinras i natt

Ein fire meter lang stein raste i natt ned frå fjellsida ved Suldalsvatnet mellom Sand og Røldal. Oppryddinga har tatt heile dagen, men no er vegen open i eit felt.

Opprydding på riksveg 13

Entreprenør er på staden og ryddar steinar frå vegbanen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Me fekk tilbakemelding frå entreprenøren som brøytar på vegen om at ein fire meter lang stein låg i vegbanen, fortel trafikkoperatør hos Vegtrafikksentralen, Ove Amundsen.

Denne meldinga kom inn klokka 00.45 og vegen blei sperra med det same. Vegvesenet sende ikkje inn mannskap i området mellom Vikatunnelen og Falkalitunnelen, der raset gjekk, før det blei dagslys.

Ras

Fleire steinar har dundra nedover fjellet i Suldal. Den største er fire meter lang.

Foto: Vegtrafikksentralen

Nå er arbeidet med å rydde vegbanen i gong. Entreprenør er på staden og reinskar stein vekk frå vegen. Den aller største steinen må meislast vekk

– Me må få fjerna resten av massane og fiksa vegbanen, og Svein Tore Tveitane i NCC som leiar arbeidet med å få fjerna raset.

–Er det mykje arbeid å få meisla opp den store steinen?

– Ja, det har vore omfattande, for steinen er stor og svært hard, seier Tveitane.

Vegen opna for trafikk ved 15-tida, men med berre eit køyrefelt førebels.

Steinras på riksveg 13

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg