Over 1000 husstandar er straumlause på Haugalandet

Mellom 1000 og 1200 husstandar på Haugalandet er klokka 21.25 utan straum etter kraftig torevêr torsdag ettermiddag og kveld. – Me jobbar på spreng med å ordna det, seier Gunn Margareth Lassesen i Haugaland kraft.

Haugalandet utan straum

MYKJE Å GJERA: Brannkorpset har mykje å gjera torsdag. Her frå røykutvikling i ein trafostasjon i Kopervik.

Foto: Kristian Eidesvik

Det har vore eit forrykande torevêr på Haugalandet torsdag ettermiddag og utover kvelden.

Områda som er råka av straumstans er Utsira, Sveio, Karmøy, Haugesund, Feøy og Vindafjord. Tidlegare i kveld var også Bokn utan straum, men der er den no tilbake.

Haugaland kraft har alt tilgjengeleg mannskap ute. Av tryggleiksgrunnar kunne dei ikkje driva med feilretting medan torevêret held på, men no har det verste vêret gitt seg.

– Me jobbar for fullt med å feilretta og byta ut dei transformatorane som er øydelagde, seier Gunn Margareth Lassesen, divisjonssjef marknad i Haugaland kraft.

Ho ansler at mellom 1000 og 1200 husstandar er utan straum klokka 21.25 torsdag kveld, men veit ikkje kor tid alle har fått tilbake straumen.

Det er mange trafostasjonar som er råka av uvêret, og mange av dei må skiftast.

– Vêret er veldig uføreseieleg, så det er vanskeleg å seia noko om kor tid me kjem i gang med arbeidet, seier Lassesen.

– Me gjer det me kan der det er moglegheit til det, men tryggleiken er utfordrande.

Trafobrann i Kopervik
Foto: Kristian Eidesvik