Hopp til innhold

Sett inn ROV i søket etter sakna mann

Søket etter den sakna 37 år gamle mannen utanfor Finnøy held fram. Arbeidsbåten hans vart funnen tom og med motoren i gang utanfor Finnøy laurdag føremiddag.

Redningsaksjon på Finnøy

Det er mange som deltek i søket etter mannen som kan ha falle over bord.

Foto: Anders Fehn / NRK

Hovudredningssentralen i Sør-Noreg fekk melding kl. 11:26 laurdag om at ein tom arbeidsbåt hadde blitt funne med motoren i gang i fjæresteinane på nordaust-sida av Finnøy.

– Me fryktar at ein person kan ha falle over bord, sa vakthavande redningsleiar ved hovudredningssentralen, Eirik Walle.

Ein redningsaksjon blei så sett i gang. Dei leiter etter ein 37 år gamal mann. Dei pårørande er varsla, og politiet har kontakt med dei.

Politiet og over 40 frivillige søkte til midnatt laurdag og starta opp igjen halv ni søndags morgon. og i 21-tida søndag kveld var dei i ferd med å avslutte søket.

– I morgon tidleg vurderer mannskapa ved Ryfylkeøyene lensmannskontor på Judaberg korleis dei skal følgje dette vidare, seier operasjonsleiar Karstein Tendenes ved Sør-Vest politidistrikt.

Samtidig har Bremnes Seashore, selskapet som den sakna mannen arbeider for, leid inn ein ROV som skal søke i området.

– Undervannsroboten kjem til staden i kveld og skal søke der båten blei funnet, seier Tendenes.

Veit ikkje når det kan ha skjedd

Kva tid mannen som er sakna eventuelt kan ha falt i vatnet, veit dei ikkje. Han skulle etter planen ha reist frå Helgøy til Fogn, og møtt ein kollega der klokka sju laurdag morgon. Men der dukka han ikkje opp.

– Me har funne ut at båten nok har forlate Helgøy på eit mykje tidlegare tidspunkt enn me først trudde. Me trudde at båten hadde forlate Helgøy i sekstida i laurdag morgon, men det kan sjå ut til at båten har vore andre stadar sidan fredag ettermiddag, utan at me veit kor det er, seier Walle.

– Er det bekrefta at mannen var om bord i båten?

– Me har ingen vitneobservasjonar som seier at dei har sett han gå om bord. Men me har ingen grunn til å tru at han ikkje skal ha vore om bord, for å seia det slik.

Redningsaksjon med politibåt

Politiet er også med på redningsaksjonen.

Foto: Anders Fehn / NRK

Mange har delteke i søket

Laurdag deltok to helikopter, eitt fly, redningsskøyter, og ei rekke handelsfartøy og fritidsbåtar deltok i søket. I tillegg styrte politiet ein leiteaksjon frå land, der sivilforsvaret og frivillige søkte langs strendene på Finnøy, Helgøy og Talgje. Søndag søkte 40 personar langs strendene på Finnøy.

– Etter kvart som tida går vil sjansane for å finna vedkomande i live minska, men me leitar framleis med tanke på at me skal finna ein person i live, sa Walle laurdags kveld.

Laster Twitter-innhold