Hopp til innhold

Datamoralisme kan virke mot si hensikt

Strenge og velmeinande foreldre vil gjerne halde barna unna sosiale medium så lenge som råd. – Det er ikkje nødvendigvis så lurt, seier høgskulelektor Synnøve Moltudal.

Mobbing på nett

– For strenge reglar kan føre til at barn opprettar hemmelege kontoar, seier høgskulelektor Synnøve Moltudal.

Ho er opptatt av kva foreldra og skulen kan gjere for å førebygge, gjennom å skape eit inkluderande og trygt kommunikasjonsklima på nett.

– Det er ikkje mange som sender 13-åringar åleine i slalåmbakken utan at dei har blitt sosialiserte i situasjonen først. Slik er det også med sosiale medium og internett, seier høgskulelektoren ved avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda.

Torsdag 29. september har NRK fokus på nettmobbing. Alle som vil kan sende inn spørsmål og fortelje om opplevingane sine.

Hata på nett

Nettmobbing er tema på NRK torsdag 29. september.

– Start sosialiseringa tidleg

Det har blitt sett ei rettleiande 13-årsgrense for bruk av sosiale medium. Men Medietilsynet rår foreldre til ikkje å stelle seg slavisk til denne. Synnøve Moltudal meiner barn og ungdom må få prøve seg:

– Det kan vere svært vanskeleg å rettleie når dei allereie har nådd ungdomsalderen. Barna kan starte forsiktig som 10-11-åringar, med lukka profil og ein svært avgrensa vennetilgang. Foreldra kan styre det meste. Då er det enkelt å ordne opp i ettertid om barnet skriv noko som ikkje er lurt å skrive.

På denne måten trur ho barna lærer viktige ting om livet på nettet, utan at ringverknadene blir så store.

– Kan falle utanfor

– Det å ikkje få delta på denne arenaen kan føre til at barnet blir snakka om – utan å ha innsyn i kva som blir sagt. Barnet kan også falle utanfor i andre sosiale samanhengar, meiner Moltudal

Høgskulelektoren i Volda meiner det viktigaste tiltaket mot nettmobbing er førebygging, kunnskap og bevisstheit rundt kommunikasjon.

Synnøve Moltudal

Høgskulelektor Synnøve Moltudal meiner det ikkje er lurt å halde barna unna sosiale medium.

Foto: Ellen Strøm Synnevåg / Høgskulen i Volda

– Bør inn allereie i første klasse

– Nokre mobbesituasjonar er rein mobbing, medan andre handlar om lite gjennomtenkt språkbruk og tankeløyse, seier ho.

Moltudal meiner nettbruk bør vere ein del av foreldremøta i grunnskulen allereie frå første klasse.

Hemmelege kontoar

Moltudal meiner det er feil å ha for strenge reglar:

– Dette kan føre til at barn opprettar hemmelege kontoar på sosiale medium – utan at foreldra veit om det. Då blir bruken tvinga ”under bakken”, og det blir nærast umogleg for foreldre å følgje med og rettleie. Hemmelege kontoar gjer det også vanskelegare for foreldre og lærarar å få innsyn i vanskelege situasjonar før dei eskalerer og blir store og uhandterlege.

Mobbing på nett

Anonym mobbing på nettet kan vere ei traumatisk oppleving for barn og unge.

Foto: Anette Torjusen / NRK

Traumatisk for barna

– Men når skaden først har skjedd, så er det vel ganske alvorleg?

– Ja, det får ofte store konsekvensar. Nokre gonger er mobbinga anonym, og dermed kjempar barnet mot ein usynleg fiende. Det kan vere ganske traumatisk. Ein kan byrje å tvile på seg sjølv, på omgangskretsen og på andre. Det at "alle" kan sjå det er ei tilleggsbelastning, seier høgskulelektor Synnøve Moltudal til NRK.