Fredag blei den ferdig restaurerte Mor Norge, eller steinkjerringa som ho heiter på folkemunne, avduka midt i øydemarka i Hå kommune.
Bildehoggar Mathies Ekelund Erlandsen restaurerer armen til steinkjerringa.
Foto: Mathias Oppedal / NRK– Ho har blitt reparert på framifrå vis. Samstundes er det nokre sår og skader som ikkje kan fiksast, og dei vil for alltid minna oss om steinkjerringa si historie, seier Lars Erling Friestad, konsulent i Hå kommune.
Limt saman
Restaureringa var nødvendig etter at ho blei utsett for heftig hærverk i fjor haust. Med hjelp av mellom anna hammar og elektrisk boremaskin øydela nokon fjeset, venstre arm og høgre hand.
For bilde- og steinhoggar Mathies Ekelund Erlandsen, som dei siste dagane har pusla saman bitane av statuen, har det vore ein emosjonell jobb.
– Me kan sjå korleis dei har banka. Det verkar grotesk, det må eg innrømma, seier han.
Slik ser den venstre armen til steinkjerringa ut, etter at den har blitt fiksa.
Foto: Ole Andreas Bø / Ole Andreas BøDelane til venstrearmen blei funne av nokon turgåarar som leverte dei inn på rådhuset på Varhaug. Men sjølv om mange delar er originale, må nokon formast på ny med mørtel.
– Me har limt det saman og forsøkt å få det til å falla inn, sånn at det ikkje ser så ille ut, fortel bildehoggaren.
Likskapar med Trollpikken
Avdukinga skjer på dagen fem år etter at Trollpikken blei kappa av, nokre mil lengre sør i Eigersund.
Ifølgje steinhoggaren er det mange likskapar i måten hærverket er utført på. For ein steinhoggar gjer det vondt å sjå korleis folk tar med seg profesjonelt utstyr ut i øydemarka for å vandalisera.
– Det rammer inn i folkesjela når nokon når ein herjar med noko som har ein monumental karakter, seier han.
Hærverket gjort på Trollpikken i 2017 blei reparert same år.
Foto: Kjetil Bentsen/Mathias OppedalHan har sikra seg dokumentasjon, slik at ein kan samanlikna hærverket med det som skjedde i Eigersund.
– På Trollpikken er det teke avstøypingar av borehola. Det har me sjølvsagt òg gjort. Så kan me sjå om dei er like, seier Erlandsen.
Han trur dei vil få nokon interessante svar. Hærverket er heilt uforståeleg for han.
– Eg blir kald i meg av tanken på at nokon har stått og slått i ansiktet med ein hammar på ein skulptur, seier han.
Begge sakene har blitt melde til politiet, men er lagt vekk utan at ein har tatt ein gjerningsperson. Til NRK opplyser politiet at ei sak kan bli opna på ny, om politiet får ny informasjon. Derfor kan alle som har nye tips, melda ifrå.
I 2011, før ho blei utsett for hærverk, blei steinkjerringa brukt som filmkulisse i filmen «Skumringslandet».
Foto: Henning Høifødt / Vidvinkel FilmKlar til ferien
For Hå kommune er det aller viktigaste at steinkjerringa er ferdig til sommaren. Dei har venta lenge på godt og tørt vêr. Då vil limen sitja betre.
– Me er veldig glade for at når sommarferien startar, er ho på plass, seier Lars Erling Friestad i Hå kommune.
Då den reparerte armen er skjør, oppfordrar han alle til å vera forsiktig med å klatra på skulpturen.
– Ho toler ikkje så mykje som ho gjorde før, fortel han.
Lars Erling Friestad frå Hå kommune seier steinkjerringa skal vera klar til helga.
Foto: Mathias Oppedal / NRK