Hopp til innhold

Kommunen tappa ut vatnet frå dammen, så dukka denne opp: – Fytti for eit beist!

Arbeidarane fekk seg ei stor overrasking. Naturforvaltaren kallar det miljøkriminalitet.

– Fytti for eit beist! Det liknar meir på ein kvithai enn ein fisk.

Dette var reaksjonen til driftsoperatør i Stavanger kommune, Patrick Fiskå, då han onsdag førre veke fekk auge på det som skjulte seg i Vassverkstjørna (eller Vannassen på folkemunne).

Dammen i Stavanger blir for tida tappa for vatn, fordi demningane skal restaurerast.

Då nesten alt vatnet i dammen var tappa ut fekk arbeidarane auge på noko som likna på ein fisk.

Då dei omsider klarte å fanga skapningen, var det ikkje akkurat ein liten krabat det var snakk om.

Her har kommunen filma fangsten.

Miljøkriminalitet

– Han svømde rett inn i håven, så det gjekk veldig godt, seier driftsleiar i entreprenørselskapet TS, Henrik Tunheim.

Det var snakk om ei svær Koi karpe. Ein art som ikkje høyrer heime i Vannassen, men som ikkje er heilt uvanleg å ha i hagedammar.

Vannassen utan vatn

Slik ser Vannassen ut etter å ha blitt tappa for vatn.

Foto: Stavanger kommune

– Ifølgje artsdatabasen kan han bli opp til seks kilo. Denne tangerte det. Det er eg heilt sikker på, seier naturforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune.

Dei avliva fisken etter han blei dregen i land. Ankerstrand er ikkje nøgd med det faktum at folk har sett ut fisken i vatnet.

– Det er reinspikka miljøkriminalitet. Og det er eit kjempestort problem, seier han.

For det kan gjera stor skade når folk set ut fisk i vatn der dei ikkje høyrer heime.

Dei går inn i eit etablert økosystem, og kan snu opp ned på det. Det kan føra til utrydding av andre artar, slår naturforvaltaren fast.

Han peiker på konkrete problem som at salamander kan bli oppetne, stingsild kan forsvinna og at parasittar og sjukdommar kan bli tilført vatnet.

Har også funne skjelpadde

Det er ikkje første gong kommunen opplever at folk har sett framande artar ut i vatna deira, og det er heller ikkje unikt for Stavanger.

Ankarstrand listar opp fleire andre arter som har dukka opp i Rogaland:

  • Gjedde
  • Åbor
  • Sørv
  • Gullfisk
  • Skjelpadde (Faktisk! Men det var for lenge sidan ...)

Me ser at det dukkar opp framande fiskeslag i mange vatn. Det er mellom anna fordi folk heilt bevisst slepp dei uti. Grunnen kan vera at dei vil fiska på han, at dei berre vil bli kvitt han eller at dei bevisst gjer det for å øydeleggja, seier naturforvaltaren.

Likevel trekk han fram ein positiv ting, og det er at folk er flinke å melda frå til kommunen når dei oppdagar framande artar.

At det var ein framand fisk i Vannassen hadde dei fått melding om for om lag eitt år sidan, men dei klarte ikkje å fanga han før nå som vatnet er på veg ut.

Demningane skal vera ferdig restaurert i starten av 2025. Det har også blitt funne store mengder søppel i samanheng med tømminga av dammen.

Denne mopeden låg også i Vannassen

Andre ting som har kome til overflata er søppel. Slik som denne mopeden.

Foto: Stavanger kommune