Hopp til innhold

Stavanger-hotell opplever betre tider

Sidan i sommar har hotella i Stavanger opplevd at ting ser langt lysare ut enn tidlegare. Botn for næringa kan vera nådd ifølgje analyseselskap.

Stavanger frå sjøen

Oljekrisa har ramma hardt i oljebyen Stavanger. Hotella i Stavanger har gått frå å vera landets mest lønsame til ei halvering av inntektene på eit drygt år.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

«Blodet renner i gatene», sa hotellkongen Petter Stordalen i fjor sommar for å skildra korleis hotellnæringa i Stavanger opplevde oljekrisa. Om tala frå Wiederstrøm Hotel Consulting gir grunnlag for så sterke ord skal vera usagt, men dei er ikkje spesielt oppløftande.

Statistikken syner ein periode frå oktober 2014 til juni 2016 der hotella i regionen opplever nedgang i hotellrom-etterspurnaden kvar einaste månad med unntak av april i år.

Men nå kan det sjå ut til trenden har snudd.

Frå juli i år fram til november melder hotella i Stavanger, Sola, Sandnes og på Jæren om at etterspurnaden går opp, eller er stilleståande, i alle månadane utanom ein. Dette samanlikna med tala frå i fjor.

– Hotellsituasjonen i Stavanger har vore tema i mang ein avisartikkel dei siste åra, og i denne oversikta har me sett litt på etterspurnadsutviklinga i regionen. Om botn er nådd er likevel vanskeleg å fastslå, skriv Peter Wiederstrøm i ei pressemelding.

Fleire ferie- og fritidsreisande

Ifølgje Wiederstrøm kan nokon av endringa skyldast at reiselivsbransjen har jobba mykje for å auka ferie- og fritidstrafikken ved hotella.

– Det har vore viktig i og med det har vore ein nedgang i bedrifts- og konferansetrafikken.

Sjølv om dei siste månadane har vist betre tilstandar for mange, er situasjonen likevel ein annan om me ser på 2016 totalt, ifølgje Wiederstrøm.

– Både prisane og salet av hotellrom totalt har gått ned samanlikna med året før, seier han.

Hotellstatistikk
Foto: Wiederstrøm Hotel Consulting