Hopp til innhold

Statsråd kallar forsking frå NTNU urealistisk

Statsråden stempla nyleg ein forskingsstudie om vasskraft, gjort av NTNU og HydroCen, som urealistisk. Det får fleire til å reagera.

Kjell-Børge Freiberg, olje- og energiminister (Frp)

FÅR KRITIKK: Olje- og energiministeren får kritikk etter at han gjekk ut mot forsking om vasskraft.

Foto: Oliver Rønning / NRK

– Særdeles uklokt og arrogant, seier finanspolitisk talsmann for Senterpartiet Sigbjørn Gjelsvik.

Bakgrunnen for utsegna til olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) er dette TV-innslaget på NRK.

I reportasjen seier professor Leif Lia ved NTNU/HydroCen at potensialet i vasskrafta er mykje større enn det styresmaktene seier.

– Me har i mange år høyrt frå styresmaktene at potensialet ved å rusta opp vasskraft er lite. Gjerne to til fire prosent. Gjennom fleire tiår har me følgt prosjekt som viser mykje betre resultat enn det, seier Lia.

Professor Leif Lia

FORSKAR: professor Leif Lia ved NTNU/HydroCen

Foto: NRK

Med denne informasjonen fekk professoren motivasjon til å gå i gang med eit grundig forskingsprosjekt.

Konklusjonane er at me framleis kan henta ut mellom 20 til 30 terawattimar (TWh) ekstra i eksisterande vasskraftsystem.

– Å rusta opp og utvida norske vasskraftverk kan gi like mykje straum som all planlagd vindkraft på land – og det med minimale naturinngrep.

Med vindkraftutbygginga som no er planlagt i Noreg, ligg det til rette for ein produksjon mellom 14 og 16 TWh, ifølge NVE.

Meiner forskarane tar feil

Olje- og energiministeren held fast på at det ikkje er så mykje straum å henta frå vassverka.

– Eg meiner at tala til professoren er urealistiske, skriv Freiberg i eit innlegg på regjeringa si nettside.

Statsråden viser til ei energimelding frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i 2017. Meldinga viser at potensialet er nærare 6 TWh.

– Det meste av dette er utvidingar som kan ha miljøkonsekvensar på linje med nye utbyggingar. For eksempel ved at vatn blir ført øve frå eit anna vassdrag. Mange hugsar for eksempel prosjektet i Øvre Otta som var ein konfliktfylt sak.

Freiberg og vindmølle

HAR IKKJE TRUA: Olje- og energiministeren har ikkje trua på forskinga frå NTNU om vasskraft.

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

Han innlegget skriv Freiberg også dette:

– Det er sjølvsagt viktig å få mest mogeleg energi ut av dei eksisterande vasskraftverka, og det blir gjort i stor grad i dag.

- Eg meiner det uansett ikkje er snakk om enten vindkraft eller vasskraft framover. Me må ha begge deler. Å sette desse teknologiane opp mot kvarandre er både unødvendig og misvisande.

LES OGSÅ: Fanga blant vindturbinar

Sjølv om ministeren ikkje har trua på forskinga til Leif Lia, er forskaren glad for engasjementet.

– Ved Forskningssenter for miljøvennleg energi (FME) har me som mål å auke verdien av norsk vasskraftnæring gjennom miljøtilpassa tiltak. Vi er sjølvsagt kjent med at NVE legg eit anna tal til grunn som potensial for opprusting og utviding av norske kraftverk.

Professoren seier at tala for potensialet vert ulike sidan det blir lagt ulike politiske-, miljømessige- og økonomiske føresetnader til grunn.

Statsråden får sterk kritikk

Senterpartiet kritiserer statsråden og meiner han fører ein usunn politikk. Partiet ønskjer satsing på miljøvennleg vasskraft.

– Senterpartiet ønskjer heller vasskraft enn gigantiske vindmølleprosjekt på land i Noreg, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet Sigbjørn Gjelsvik.

SPs finanspolitiske talsmann Sigbjørn Gjelsvik

NOK ER NOK: – No ser me at store midlar blir brukt til å gjennomføra utbyggingar som kan gi store kostnader både i form av naturinngrep og auka nettleige for forbrukarane. Dette samtidig som betre prosjekt står utan finansiering. Det er snakk om store verdiar som blir kasta vekk på denne måten, seier Sigbjørn Gjelsvik.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Han legg til:

– Det er særdeles uklokt og arrogant at ministeren avviser forsking gjort av Noreg sine fremste forskarar på feltet.

Politikaren meiner at det tyder på dårlege argument når ministeren ikkje er villig til å sjå på det som blir lagt fram av forsking.

Senterpartiet, som i si tid var ein pådrivar for vindkraft, har no snudd.

– Regjeringa sin skattepolitikk premierer gigantiske vindkraftprosjekt med store konsekvensar for natur og miljø, mens ho gir investeringstørke for miljøvennleg oppgradering av vasskraft, seier Sigbjørn Gjelsvik

Gjelsvik meiner at regjeringa må legga til rette for miljøvenleg vasskraft.

– Enkelte politikarar synest tydelegvis det er gjævare å klippe snorer på nye vindkraftanlegg enn å stimulere til oppgradering og utviding av eksisterande vasskraftverk. Både for klimaet og miljøet ville det siste truleg vore langt klokare, seier Gjelsvik.

– Kvifor sår statsråden tvil om NTNU-forskarar?

Alett Sandvik og Mads Løkeland i Naturvernforbundet er overraska over reaksjonen til statsråden. Dei reagerer på at han går ut mot ein namngjeven forskar på denne måten.

I eit lesarinnlegg i Adresseavisen skriv dei mellom anna dette:

– Kvifor brukar statsråden tid og ressursar i sommarferien til å gå ut i ei pressemelding som sår tvil om forskingsresultat frå eit seriøst forskingsmiljø, skriv Alett Sandvik.

Naturvernforbundet kjem med ei klar oppfordring til ministeren:

– I staden for å gå ut mot forskarar på denne måten, så oppfordrar me departementet til å engasjera HydroCen til ei systematisk gjennomgang av kraftverk i Noreg. Det for å få betre oversikt over moglegheitene som er.

– Lia kan ha rett

Forskinga frå også medhald frå kraftbransjen.

– Vår vurdering er at Lia kan ha rett i det tekniske potensialet. Men dette inkluderer då både prosjekt som betyr nye miljøinngrep, og prosjekt som per i dag ikkje er lønnsame, seier direktør i Energi Noreg Knut Kroepelien.

Knut Kroepelien

SAMD MED LIA: Direktør i Energi Noreg Knut Kroepelien.

Foto: Caroline Roka

Energi Noreg er ein landsomfattande interesse- og arbeidsgivarorganisasjon, som representerer selskapa som produserer, transporterer og leverer fornybar energi i Noreg.

Dei har cirka 280 medlemsbedrifter.

Problematikken kring skattesystemet er noko organisasjonen også er opptatt av.

– Lia har rett i at dagens skattesystem er det viktigaste hinderet for å hente ut eit større potensial av vasskrafta. Ingen andre næringar blir skattlagt hardare enn vasskraft i Noreg. Det er eit stort paradoks i ei tid då me trenger meir fornybar energi for å løyse klimaproblema.

Kanskje blir kraftbransjen høyrt. Regjeringa har no sett ned eit utval som skal sjå på skattesystemet på vasskrafta.

Energi Noreg meiner elles at me treng både vind- og vasskraft.