Hopp til innhold

Smitte på cruiseskip i Stavanger – men passasjerar får gå i land

Det er koronasmitte om bord på cruiseskipet «Ventura». Beredskapssjefen i Stavanger liker ikkje at passasjerar likevel får gå i land.

Her går passasjerar i land i Stavanger etter det blei påvist smitte om bord på Ventura

Klokka 9 på nyttårsaftan var passasjerane på veg ut av cruiseskipet. Alle som er smitta eller har vore i kontakt med smitta skal vera isolerte ifølgje hamnevesenet i Stavanger.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– I går kveld fekk me beskjed om at det var personar i mannskapet som hadde fått påvist smitte, seinare på kvelden kom det inn melding om at ein passasjer også var smitta, fortel fungerande hamnedirektør i Stavanger, Odd Bjørn Bekkeheien.

Det skal vera snakk om totalt fem til åtte personar på cruiseskipet «Ventura» som er smitta.

Dei smitta skal vera sette i isolasjon, i tillegg skal nærkontaktar vera sette i karantene.

Cruiseskipet «Ventura» i Stavanger

Alle dei koronasmitta personane på cruiseskipet er sett i isolasjon, og skipet har ikkje behov for helseassistanse frå land.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Alle skal vera fullvaksinerte

«Ventura» kom til Stavanger i dag tidleg frå Southampton.

– Ifølgje reiarlaget er det snakk om ei ung jente som er smitta. Mannskapet som er smitta skal ikkje ha hatt kontakt med passasjerar. Det per nå ikkje behov for helsehjelp frå land, seier Bekkeheien til NRK.

Alle som er friske får gå i land i Stavanger. Alle passasjerane blei ifølgje hamnevesenet PCR-testa før dei gjekk om bord. Men ifølgje passasjerar NRK har snakka med har dei ikkje blitt testa fleire gonger.

– Det stemmer at dei går i land nå. Alle om bord på denne båten er fullvaksinerte og har gått gjennom strenge sjekkar. Mannskap som jobbar på cruisebåtar må også vera fullvaksinerte, seier Bekkeheien.

Det skal vera om lag 1.600 passasjerar om bord på cruiseskipet som har kapasitet på om lag 3.600 passasjerar. Med andre ord skal det vera god plass til å setja folk i isolasjon.

Torstein Nielsen, beredskapssjef i Stavanger kommune

Torstein Nielsen ville helst at passasjerane skulle blitt om bord, men meiner at dei i kommunen ikkje har styresmakt over dette. Det er det grensepolitiet som har.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Dette er spesielt

Ifølgje tryggleikssjef i Stavangerregionen havn IKS, Arvid Børre Nygaard, er det internasjonalt regelverk som seier at cruiseturistane skal kunne gå i land.

Men helsestyresmaktene i Stavanger kommune er ikkje begeistra for det som skjer. Hadde det vore opp til dei, skulle passasjerane blitt om bord.

Sikkerhetssjef Arvid Børre Nygaard

Ifølgje tryggleikssjef i Stavangerregionen havn IKS, Arvid Børre Nygaard, skal testregime om bord på «Ventura» vera veldig bra.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Eg meiner jo at dette er spesielt, med tanke på at smittesituasjonen er slik han er nå, seier helsesjef i Stavanger, Runar Johannessen.

Han legg til at det er krevjande å på kort varsel få beskjed om at eit cruiseskip med koronasmitte er på veg til byen. Spesielt med tanke på at kommunen alt er i ein krevjande smittesituasjon.

Torstein Nilsen er beredskapssjef i Stavanger kommune, og seier følgjande:

– Dette er ikkje uproblematisk, sjølv om dei har gode smittevernreglar om bord.

I natt kunne også BBC melda at helsestyresmaktene i USA nå rådar folk til å unngå cruiseskip sjølv om dei er fullvaksinerte. Grunnen skal vera fare for smittespreiing om bord.

Må dei ha ein lovheimel til å stoppe passasjerar

NRK har bede Justisdepartementet om å kommentere saka. Dei skriv følgjande i ein e-post.

– Alle utlendingar som har rett til innreise etter dei alminnelege reglane i utlendingslova kan reise inn til Noreg etter 26. november 2021, gitt at dei oppfyller krava for innreise sett i kapittelet til covid-19-forskrifta 2.

– Det er politiet som har ansvar for utøving av grensekontroll i Noreg. For at politiet skal kunne stoppe passasjerar frå å gå i land så må dei ha ein lovheimel til å gjere dette, heiter det i ei fråsegn frå Justisdepartementet.

Glad for å få besøk av cruise-turistar

Passasjerane skal berre vera nokre timar i land, og kjem ifølgje hamnevesenet til å ha lite kontakt med lokalbefolkninga.

Ei av dei som nå skal ta turistane med ut på hurtigbåt til Lysefjorden er Wenche Hansen, som er dagleg leiar i Guidekompaniet. Ho tar det heile med stor ro.

– Me har venta så lenge på cruiseturistar, så det var veldig kjekt at dei endeleg kom. Eg har full tillit til at gjestane gjer det dei får beskjed om, og at dette er trygt. Det er fullt fokus på smittevern både frå vår side, og frå cruiseselskapet si side, seier Hansen til NRK.

«Ventura» ligg til kai i Stavanger

Det skal vera om lag 1.600 passasjerar om bord på skipet som tek om lag 3.500 passasjerar. I tillegg er det 1.000 mannskap om bord. Fartøyet er registrert i Bermuda og har filippinsk mannskap.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Internasjonalt regelverk

– Som hamn legg me til rette for å ta imot fartøyet og fortøya det på ein trygg og god måte. Me ivaretek ISPS-regelverket, som er eit internasjonalt regelverk, og me kan ikkje stoppa passasjerar frå å gå i land, seier Nygaard.

– Me veit at dei har eit veldig bra testregime om bord, så me opplever nok situasjonen som trygg, seier Nygaard.

NRK har vore i kontakt med presseavdelinga til reiarlaget P & O Cruises, som eig «Ventura». Dei var på det tidspunktet ikkje orientert om smitteutbrotet.

Klokka 18 skal cruiseskipet vidare til Belgia.