Hopp til innhold

Kinodirektør: – Forstår ikkje at det er farlegare med kino enn buss

No kan du sitje skulder mot skulder på kollektivtransport, viss du sit mot køyreretninga. Samstundes må det vere stor avstand i fleire kinosalar. Urimeleg, meiner kinodirektør.

Håvard Erga

Kinodirektør Håvard Erga passar godt på å desinfisere kinosalane. Akkurat denne salen har 415 stolar, men dagens reglar gjev knapt plass til 100. 

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Helsedirektoratet gav nyleg grønt lys for å fjerne 1-metersregelen på kollektivtransport.

Ved å sitje skulder mot skulder er det mogleg å avgrense ansiktskontakt, noko som er viktig for å avgrense smitte, seier Ruter i ei pressemelding. Bruken av sitjeplassar skal bli prioritert framfor ståplassar, og det vil gje mindre trengsle i midtgang og ved dører. I tillegg vil det auke kapasiteten.

Bussjåføren på si side skal framleis unngå nærkontakt.

– Me opnar ikkje framdøra på bussen, og me held fram med å sperre av dei to seta bak sjåføren, sidan han har ei samfunnskritisk rolle, seier Grethe Skundberg, kommunikasjonssjef i Kolumbus til NRK.

Ein person tek opp fem sete

Men sjølv om du kan sitje nært på bussen, så kan du ikkje gjere det i kulturhusa. Der gjeld framleis regelen om ein meter frå skulder til skulder. Det synest kinodirektør i Odeon Stavanger/Sandnes, Håvard Erga, er urimeleg.

– Dagen før dei nye retningslinene på kollektivtransport kom, fekk me avslag på førespurnad om å opne for annakvart sete. Det er håplaust.

I dei fleste kinosalane er det 95 cm mellom kvart sete. Det gjer at dei må ha to sete mellom kvar person, sett bort frå familiar og grupper. Dermed går det fem sete på ein enkeltperson.

Erga seier han har full forståing for at samfunnet må ha ei gradvis gjenopning, og presiserer at dei ikkje ønskjer å opne for skulder mot skulder.

– Men eg har ikkje forståing for at det skal vere meir farleg å sitje i ein kinosal enn det er på buss, fly eller tog.

Forstår utolmodet

Kulturminister Abid Raja (V) og helseminister Bent Høie (H) har tatt initiativ til eit møte med representantar for kinoane og scenekunstsektoren onsdag ettermiddag. Der skal dei prate om, og kome med innspel, til praktiseringa av 1-metersregelen i kultursalar og lokale med sitjande publikum.

– Eg både forstår og deler kultursektorens utolmod, og eg kan forsikre om at eg og regjeringa vil opne så mykje me kan, innanfor forsvarlege rammer. Me vil derfor be Helsedirektoratet om å gjere ei ny vurdering av om det er forsvarleg å gje ytterlege unntak frå krav til avstand mellom personar ved arrangement, seier Raja i ei pressemelding.

Kollektivtransport har opna for å sitje skulder mot skulder.

Kollektivselskapa har nyleg fjerna setemerkinga som har vore brukt dei siste fire månadene.

Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal

Dagleg leiar i Norske kulturhus, Nina Hodneland, synest det er veldig fint at dei no får til eit møte.

– Me har ikkje ein forsvarleg økonomisk drift i dag. På landsbasis har me omtrent 15 % av ordinær kapasitet som me kan selje. Viss det opnar for eit sete mellom så kan det auke til 48 %. Då vil me kunne sjå lyset i enden av tunnelen. Dette er veldig viktig for hausten og 2021.

Flere nyheter fra Rogaland