Hopp til innhold

Det tok seks år å skriva boka ho sjølv ville lesa

Marjam Idriss sakna skeive kvinner med minoritetsbakgrunn i den norske litteraturen. No har ho sjølv sørga for at andre kan få lesa om det.

Marjam Idriss

Marjam Idriss debuterer som forfattar med romanen "Jannikeevangeliet".

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det har vore ein stor del av heile mitt vaksne liv, så eg er spent.

Marjam Idriss var 19 år då ho byrja på bokprosjektet. I dag, nesten seks år seinare, kjem hennar debutroman «Jannikeevangeliet» ut i butikkane.

– Det har absolutt vore ein lang prosess, jo meir du skriv, jo meir snevrar du det inn, og jo vanskelegare blir det. Men det har vore ei fantastisk oppleving, seier Idriss.

Bur under ei seng på gamleheim

I «Jannikeevangeliet» møter me to kvinner som begge prøver å rømma, på kvart sitt vis.

Forlaget Gyldendal presenterer handlinga slik:

«Jannike har gitt opp. Ho flytter inn under farmora si seng på gamleheimen og forsvinn inn i seg sjølv, ingen andre enn talkshowvertane kan nå ho.

Layla forelskar seg i ei anna kvinne på flyktningmottaket der ho bur, men fordømminga er ikkje til å leva med. Ho står aleine igjen i eit nytt land der gullrekkja, NAV og einsemda er dei viktigaste kodane å knekka.

Når Layla byrjar å jobba på sjukeheim, og oppdagar den snikinnflytta Jannike, blir det klart at dei har dulta borti kvarandre før. »

Ville skriva om skeive minoritetskvinner

Marjam Idriss har norsk-eritreisk bakgrunn, og vaks opp på Jåsund i Sola. Karakterane me møter i hennar debutroman, er karakterar ho føler ho kan relatera seg til.

– Eg har alltid tenkt at det er viktig å skriva karakterar som eg har sakna i norsk litteratur. Det som eg såg etter då eg vaks opp, har eg prøvd å skriva. Så då ville eg skriva om skeive kvinner, og eg ville skriva om kvinner med innvandrarbakgrunn. Det er jo relevant for min eigen bakgrunn.

Og det er ikkje så ofte me les om skeive minoritetskvinner?

– Nei. Det er nok derfor eg hadde lyst til å skriva om det. Fordi eg syns det er viktig at litteraturen omfamnar alle verkelegheiter som finst i Noreg i dag.

Vil skriva meir

Til vanleg bur 25-åringen i London, der ho jobbar i ein bokhandel ved sida av å skriva. Ho håpar på gode tilbakemeldingar, men vågar ikkje å tru heilt på at boka kjem for sal på engelsk på hennar arbeidsplass.

– Eg får heller ta med meg eitt eksemplar av boka på norsk, og prøva å selja den.

Og sjølv om det tok seks år å fullføra debutromanen, kan ho gjerne tenka seg å halda fram med forfattarkarrieren, og skriva fleire romanar.

– Eg håpar det. Eg likte det, og eg koste meg, seier Idriss.