Hopp til innhold

Skadd kvinne funnen i leilegheit

  • INGEN AVHØYR I KVELD:

    Kvinna i 40-åra, som blei funnen skadd i ein leilegheit på Tjensvoll i dag, blir ikkje avhøyrt i dag grunna helsetilstanden. Ho er under behandling på Stavanger universitetssjukehus, melder politiet. Kriminalteknikarar har jobba lenge i leilegheita der ho blei funnen, men dei veit framleis lite om kva som har skjedd.

  • FUNNEN SKADD I LEILEGHEIT:

    – Ei kvinne er funnen skadd i ei leilegheit på Tjensvoll, politiet jobbar med å finna ut om andre personar er involvert, seier operasjonsleiar Frank Roland i Rogaland politidistrikt. Kvinna er frakta til Stavanger universitetssjukehus. NRK sin reporter på staden opplyser at det er mange politifolk inne i leilegheita.

  • PERSON TIL SJUKEHUS:

    Ei kvinne er frakta til Stavanger universitetssjukehus etter ei hending på Tjensvoll i Stavanger. Fleire politibilar har vore på staden. – Me jobbar med å finna ut kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Frank Roland i Rogaland politidistrikt.

    Politi på Tjensvoll
    Foto: tipsar