Hopp til innhold

Då Marie fekk fleksitid, heldt ho fram i jobben

Sjukepleiarar med familie sluttar på sjukehusa på grunn av arbeidstidene. – Sterkt urovekkande, meiner Norsk Sykepleierforbund.

Marie Sævereid

Marie Sævareid er sjukepleiar ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). Fleksibel arbeidstid gjer det mogleg å halde fram i arbeidet på sjukehuset. Alternativet var å slutte.

Foto: Cathrine Oftedahl / NRK

– No har vi fått påfyll av mange medisinar, så det er bra, seier sjukepleiar Marie Sævareid ved Stavanger universitetssjukehus (SUS) medan ho tek tak i store kasser fulle med innhald.

Trass i tunge løft og høg arbeidsbelastning har Sævareid halde fram i jobben som sjukepleiar, men det er det ein grunn til:

Ho har fått fleksibel arbeidstid.

Marie Sævereid

Sjukepleiar Marie Sævareid har travle dagar på jobb. Ho er oppteken av å få jobben til å passe med familielivet. For henne var det avgjerande at arbeidsgivar møtte behova hennar og la til rette for ein god kombinasjon.

Foto: Cathrine Oftedahl / NRK

– Det betyr at eg går berre dagvakter når eg har barna hos meg, seier 39-åringen, som er åleineforsørgjar for to barn i barne- og ungdomsskulen annakvar veke.

Vanlegvis er vaktene ved sengepostar ved sjukehusa tredelte. Nattevakter, kveldsvakter og dagvakter.

Ung bemanning

Men ikkje alle får same moglegheit som Marie Sævareid.

Den tunge vaktbelastninga har derfor ført til at sjukepleiarar sluttar i jobben når dei får familie.

Det er hovudsakleg dei mellom 30 og 40 år, viser ei undersøking frå Helse Vest.

Tilbake står dei under 30.

Ved SUS er over ein tredel av sjukepleiarane på sengepostane under 30 år.

Det er 40 prosent fleire under 30 nå enn det var for ti år sidan. 2772 sjukepleiarar nå. 1973 då.

Slik er situasjonen ved mange andre norske sjukehus, viser ei rundspørjing NRK har gjort.

Dette skjer samtidig som vi har behov for nesten 5600 fleire sjukepleiarar, viser tal frå Norsk Sykepleierforbund.

I tillegg vurderer ein av fem sjukepleiarar å slutte i jobben, noko som svarer til 15.000 sjukepleiarar.

Passar ikkje med familielivet

Ifølgje undersøkinga er vaktbelastninga ei av hovudårsakene.

– Arbeidstidene passar til dømes ikkje med opningstidene i barnehagane, seier Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest.

Hilde Brit Christiansen, personaldirektør i Helse Vest

Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest.

Foto: NRK

Ho meiner at det er viktig å få til arbeidsplanar som varetek behova i både familielivet og på arbeidsplassen.

– Men dette er ikkje lett, seier ho.

På ti år har talet på tilsette ved sjukehusa på Vestlandet auka med 30 prosent utan at dei har fått redusert talet på ulempevakter for dei tilsette.

– Vi møter ofte på eit regelverk som set ein stoppar for gode løysingar, seier Christiansen.

– Skal aldri tilbake på sengepost

Medan Marie Sævareid har fått fleksitid, har andre valt å slutte på grunn av tung vaktbelastning.

Ein av dei er Mariel Vatland (29), som jobba på sengepost i sju år. Ho har starta på anestesistudium for å komme seg vekk. Tung vaktbelastning var ein av hovudårsakene.

Mariel Vatland

Mariel Vatland studerte til sjukepleiar i Ålesund. No tek ho vidareutdanning i anestesi.

Foto: Privat

– Eg skal aldri tilbake til ein sengepost. Det kunne aldri falle meg inn, seier Vatland.

29-åringen hadde ein tredelt turnus med helgevakter kvar tredje helg. I tillegg til ulaglege vakter, var det lite kviletid mellom vaktene.

Fekk fysiske symptom

– Allereie som 25–26 åring byrja eg å få fysiske symptom i dei mest travle og tunge periodane. Det verka ikkje lovande.

På toppen av eit tungt vaktsystem vart ho ofte ringd opp på kort varsel med spørsmål om å ta ekstravakter.

29-åringen gjekk med konstant dårleg samvit.

– Du har ikkje lyst til å gi kollegaene dine på båten. Det er vanskeleg å seie nei, men ekstravaktene slit deg ut i lengda.

På grunn av mangel på folk, var det heller ikkje uvanleg at ho gjekk doble vakter. Ei kveldsvakt heldt ofte fram i ei nattevakt.

– Det var for det meste berre unge kollegaer rundt meg, og det var eit godt arbeidsmiljø. Det gjorde at eg heldt ut lengre.

– Sterkt bekymra

Norsk Sykepleierforbund er sterkt bekymra for den unge bemanninga på sengepostane på sjukehus.

– Dei kjem rett frå utdanninga og manglar både erfaring og mengdetrening, seier Tone Wang-Nilsen, hovudtillitsvalt for Norsk Sykepleierforbund i Helse Stavanger.

Tone Wang-Nilsen, hovedtillitsvalgt for Norsk Sykepleierforbund, Helse Stavanger

Tone Wang-Nilsen, hovudtillitsvalt for Norsk Sykepleierforbund i Helse Stavanger

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Ho er ikkje samd med Helse Vest i at regelverket set ein stoppar for løysingar for ein betre turnus.

– I eit partssamarbeid mellom arbeidsgivar og fagorganisasjonar er det mogleg å finne løysingar, seier Wang-Nilsen.

Ho viser til kritikken frå Riksrevisjonen om at sjukehusa ikkje legg godt nok til rette for å sikre rekruttering.

– Dei som legg til rette beheld dei tilsette

– Det må vere større vilje til ikkje å vere rigid. Det må leggjast opp til individuelle ønske i ulike livsfasar, seier Wang-Nilsen.

Ho påpeikar at dei avdelingane som legg til rette for dette, opplever at dei beheld dei tilsette i større grad.

– Vi ser ein ny generasjon som er mykje tydelegare på kva forventningar dei har til arbeidslivet. Dei set krav til arbeidsgivar når det gjeld kva forhold dei skal jobbe under. Dei vil ikkje gå på akkord med familielivet, seier Wang-Nilsen.

No lyser sjukehuset ut stillingar, utan å få napp.

– Vi manglar folk på ulike avdelingar. Slik var det ikkje før, seier ho.

Alternativet hadde vore å slutte

Førebels er det ikkje mange sjukepleiarar som har fått fleksitid. Men Marie Sævareid er tydeleg.

Marie Sævareid

Marie Sævareid, sjukepleiar ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), har mange ulike oppgåver på jobb.

Foto: Cathrine Oftedahl / NRK

– Det hadde ikkje gått utan fleksibel arbeidstid for min del. Alternativet hadde vore å sjå meg om etter ein annan jobb.

Ho meiner denne løysinga bidreg til å behalde og rekruttere fleire sjukepleiarar til sjukehusa.

– Det å få kvardagen til å gå opp er viktig for folk. Vi byrjar som regel på jobb før både barnehagar og skular opnar. Er du åleineforeldre eller har partnar som jobbar i turnus, er det ein kabal som ikkje går opp, seier Sævareid.