Hopp til innhold

Verdas sjakkgigantar kjem til Norway Chess

Dei åtte beste sjakkspelarane i heile verda deltek når Rogaland arrangerer superturnering i vår. – Dette kan bli den sterkaste turneringa som har vore i verda nokon sinne, seier styreleiar i Chess Norway, Kjell Madland.

Magnus Carlsen, Mickey Adams og Vladimir Kramnik

LONDON 2012: Her står verdseinar Magnus Carlsen og ser på russiske Vladimir Kramnik, som er ranka som nummer to, under London Chess Classic i desember. Begge kjem til Norway Chess-turneringa i vår.

Foto: Rakke, Morten / NTB scanpix

Folka bak Norway Chess 2013 var i fyr og flamme då dei i dag kunne leggja fram den endelege deltakarlista for sjakkturneringa som går av stabelen om dryge to månader.

Dei åtte beste

Av dei ti utøvarane, som skal konkurrera på ulike stader i Rogaland, er åtte av dei plassert heilt i toppen av World Chess Federation si rangering av verdas beste sjakkspelarar.

Med tanke på at dette er Norge si første verdsturnering i sjakk, finn ikkje styreleiar i Norway Chess, Kjell Madland, grunn til å klaga.

Han seier at ballen byrja å rulla alt då dei fekk Magnus Carlsen med på laget.

Kan vinna på heimebane

– Når med får med den sterkaste spelaren er det lettare å få med nummer to, og slik held det fram. Dette er årsaka til at me har klart å få eit så sterkt felt, seier han.

Turneringen skal vara i elleve dagar, og tevlingane vil skje i Stavanger, Sandnes og Bryne. Målet er at det vil slå positivt ut for norsk sjakkmiljø.

For Magnus Carlsen blir turneringa, som byrjar 7. mai, første gong han kan slå verdsstjernene på heimebane.

– Dette kan bli den sterkaste turneringa som har vore i verda nokon sinne, seier ein nøgd Madland på pressekonferanse i dag.

Sjå TV-sak:

Nå er alle namna klare til Norway Chess 2013 turneringa, og det er ingen lettvektarar som kjem til regionen i vår.

I dag blei namna på deltakarane i Norway Chess offentleggjort.

Desse skal konkurrera:

  • Magnus Carlsen (1)
  • Vladimir Kramnik (2)
  • Levon Aronian (3)
  • Teimour Radjabov (4)
  • Sergey Karjakin (5)
  • Viswanathan Anand (6)
  • Veselin Topalov (7)
  • Hikaru Nakamura (8)
  • Wang Hao (16)
  • Jon Ludvig Hammer (107)