Hopp til innhold

Måndag sender biblioteket ut purregebyr på 742.000 kroner

Manglande varslingssystem på ein innleveringsmaskin på biblioteket i Stavanger gjer at det ikkje har blitt sendt ut purregebyr dei siste tre åra. Måndag blir om lag 10.000 fakturaer sendt ut med purrebeløp på meir enn 700.000 kroner.

Sølvberget

SØLVBERGET: Biblioteket i Stavanger sender måndag ut purregebyr på til saman meir enn 700.000 kroner.

Foto: Jarle Vines / Creative Commons

Marit Egaas

Kulturhussjef i Stavanger Marit Egaas seier at purrepengane vil koma godt med for eit bibliotek som slit økonomisk.

Foto: Vibecke Skandsen / NRK

– Årsaka til at me nå me senda ut kjemperekninga er at lånarane ikkje har fått beskjed om at dei skuldar pengar. Det gjeld dei som har levert bøker, CD-ar og DVD-ar i den nye leveringsmaskinen, seier kulturhussjef Marit Egaas.

Den nå tre år gamle innleveringsmaskinen tar i mot bøkene og registrerer om dei er levert i tide, dette er informasjon som blir lagra men lånaren får ikkje beskjed om det.

70 krone per rekning

Purringa må gjerast manuelt og det er det som har gjort at gjelda har hopa seg opp for Stavanger-lånarane.

– Eg har inntrykk av at dei fleste forstår at me må ha eit ris bak spegelen når ein ikkje leverer i tide. Når folk nå får faktura får dei også den fordelen at dei kan gjera opp for seg meir diskret enn over disken, seier Egaas.

I snitt vil kvar rekning som blir sendt ut vera på om lag 70 kroner.

Egaas seier at pengane er sårt trengande for biblioteket som nyleg måtte innføra innkjøpsstopp på slutten av året:

– Berre å betala

– Me slit veldig med økonomien. Om desse pengane kjem inn vil det redda årsresultatet og kanskje me får kjøpt bøker før januar.

Så nå kan over ti tusen personar med lånekort på biblioteket i Sølvberget i Stavanger rekna med å motta purregebyr i posten i løpet av neste veke.

Biblioteksbrukarar NRK snakka med på Sølvberget i dag sa at det var heilt greitt om det kom rekningar til dei:

– Dette er eit så bra tilbod, at det er sjølvsagt berre til å betala, sa ei av dei som hadde funne turen til Sølvberget fredag ettermiddag.