Hopp til innhold

Seier ja til medieby i Stavanger

Eit fleirtal i Stavanger kommunestyre har i dag sagt ja til at politikammeret på Nytorget kan rivast, det skriv Stavanger Aftenblad. MDG, SV, Rødt og Venstre og ein representant frå Høgre stemte mot. Det er planar om eit nytt bygg på tomta som mellom anna skal husa NRK Rogaland, Stavanger Aftenblad, helsestasjon for ungdom og kulturhuset Metropolis. Det skal etter planen stå klart i 2026.