Båten var ikkje meir enn ansvarsforsikra, og eigaren vil ikkje betala for å få fjerna båten.
Kystverket kan berre pålegga eigaren å fjerna vraket dersom den er til fare eller hindrer for trafikken, seier fungerande kystdistriktssjef Knut Stenvik.
Og ordførar i Finnøy, Jorunn Strand Vestbø, lovar at kommunen skal gjera alt dei kan for å bli kvitt vraket.
Eit livsverk forsvann
Då seglbåten sank søndag mista dei tre britane ikkje berre alt dei hadde med seg. Det var og eit livsverk som forsvann. For eigaren har brukt 10 år og omlag 500 000 kroner på å bygga seglbåten. Men fordi den var heimebygd var det problem å forsikra båten, så den har berre ansvarsforsikring. Derfor må eigaren sjøl betala om båten skal hevast - og det er ei rekning han ikkje vil ta.
Dermed kan det bli kommunen sitt ansvar, seier fungerande kystdistriktsjef Knut Stenvik.
Og ordførar i Finnøy, Jorunn Strand Vestbø, synes det er urimelig at kommunen kan koma til å måtta betala for å få fjerna vraket.
Av: