Hopp til innhold

Lærarstudia er dei med flest ledige plassar til hausten: – Skremmande

Dei ledige studieplassane i haust viser at færre ønsker å bli lærar. No håpar lærarstudentane at folk vil gripe sjansen til å hoppe på studiet medan dei kan.

Daniel Neckarski.

Daniel Neckarski (31) studerer til å bli lærar. I bakgrunnen kona Ingvild og barna.

Foto: Marte Skodje / NRK

– Det er kjekt å vere lærarstudent, og eg har lært mykje nyttig. Det kjem nok til å bli litt utfordrande å vere lærar, men eg gler meg, seier Daniel Neckarski.

Han har eitt år igjen på masterutdanninga ved Universitetet i Stavanger, for å bli grunnskulelærar.

For dei som vil byrje å studere det same, er det førebels ingen kamp om plassane.

I dag vart oversikta over dei ledige studieplassane i haust publisert på Samordna opptak.

Det er ledige plassar på 63 grunnskulelærarutdanningar fordelte på ulike lærestader i Noreg.

Ingvild og Daniel Neckarski, sammen med døtrene Vilja (7 mnd) og Thale (2).

Daniel jobba som sveisar, men kjende at det ikkje var retninga han ønskte å gå. Her saman med kona Ingvild og døtrene Vilja på sju månadar og Thale (2).

Foto: Marte Skodje / NRK

Heller ikkje tolv studium i lektorutdanning og 36 som barnehagelærar har fulle studieplassar.

Frå sveisar til lærar

Daniel jobba som sveisar, men kjende at det ikkje var retninga han ønskte å gå.

Kona, Ingvild Neckarski, hadde sjølv akkurat fullført lærarutdanninga, og merka på mannen at han var klar for noko nytt.

Ingvild Neckarski.

Ingvild Neckarski.

Foto: Marte Skodje / NRK

– Du var lei av å vere sveiser ganske lenge. Så var eg akkurat ferdig utdanna, og sa at viss han skulle studere, passa det fint no, seier Ingvild.

Ikkje lenge etter fann han ut at lærar var eit yrke som passa han òg.

– Eg har så mykje rare fakta som eg ønsker å fortelje om, og ungar bryr seg skikkeleg om det, ler han og legg til:

– Å jobbe med barn synest eg er skikkeleg gøy. Også verkar det som ein trygg marknad. Eg er ikkje redd for at eg ikkje skal få jobb.

Daniel Neckarski og datteren Thale.

Daniel synest det er synd at ikkje fleire vil bli lærar. Han synest det er gøy å jobbe med barn og er ikkje redd for å ikkje få jobb.

Foto: Marte Skodje / NRK

I april i år blei årets søkartal til lærarstudia presentert. Desse tala viste ein dramatisk nedgang i søkartala, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

Dei fire siste åra har det vore ein nedgang. Berre sidan i fjor er det 21,9 prosent færre som ønskjer å starte på ei av desse utdanningane.

Ekteparet synest det er synd at ikkje fleire ønsker å bli lærarar.

– Det er jo litt skremmande. Ungane er framtida. Det er dei som skal styre etter oss, og dei treng skikkeleg utdanning. Læraryrket er ikkje berre utdanning, det handlar mykje om oppseding òg, seier Ingvild.

– Eg synest det er synd. Vi treng lærarar. Men eg har forståing for det òg. Det er jo ein veldig krevjande jobb, legg Daniel til.

– Ikkje overraskande

Siri Skjæveland Lode jobbar som lærer i Gjesdal kommune og er med i sentralstyret i Utdanningsforbundet.

Ho meiner at søkartala som kom i vår, var ein varsku.

Eg tenkjer at dette er alvorleg. Vi risikerer at lærarkrisa blir verre og at stadig fleire barnehagebarn og elevar ikkje har ein lærar med fullført lærarutdanning.

Siri Skjæveland Lode, Sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og tidligere lærer i Gjesdal kommune.

Siri Skjæveland Lode, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og tidlegare lærer i Gjesdal kommune.

Foto: Stig Weston / Utdanningsforbundet.

Ho håpar at alle som blir tilbodne ein studieplass derfor no takkar ja, og at lærarutdanningane gjer det dei kan for at studentane lykkast.

– Kva trur du er grunnen til at færre vil bli lærarar?

– Den svake lønnsveksten til lærarane, kutt i skule- og barnehagebudsjett, tidspress og kanskje det som blei synleg av lærarstreiken i fjor. At «laget rundt læraren» ikkje er godt nok, slik at dei kjenner dei ikkje får følgt opp elevane godt nok.

For at det skal bli attraktivt å bli lærar igjen, er det viktig at desse forholda blir tatt tak i, meiner Lode.

Og så trur eg det er ganske viktig at alle framsnakkar verdien av å ha ei lærarutdanning. Eg har sjølv vore lærar i mange år og veit at verktøykassa du treng for å gjere ein god jobb, den får du gjennom ei lærarutdanning.

Håpar folk grip sjansen

Leiar for Pedagogstudentene, Kaspara Halkjelsvik, ønskjer å gjere dei mange ledige plassane til noko positivt.

– No er det ledige plassar! Det er eit skikkeleg flott yrke der ein har høve til å gjere ein reell forskjell i livet til barn og unge. Eg håpar folk tek den moglegheita no, seier ho.

Kaspara Halkjelsvik er leder i Pedagogstudentene.

Kaspara Halkjelsvik, leiar i Pedagogstudentene.

Foto: Jonas Ohlgren Østvik / Pedagogstudentene

Ho påpeikar at lærarstudentane er blant dei som er minst fornøgd med eiga utdanning. Her trur ho nøkkelen kan liggje.

– Vi vil ha betre utdanning. Vi skal ut i ein kompleks kvardag som lærarar, og det er viktig at utdanninga rustar oss til det.

Halkjelsvik legg vekt på at praksisen under studietida er blant det som kan gjere yrket og utdanninga meir appellerande.

– Vi meiner god praksis er nøkkelen til å skape god utdanning og gode lærarar. Det er her ein får sjå om ein ønskjer å halde fram eller droppe ut av utdanninga. Vi ønskjer oss meir og betre praksis.