NRK Meny
Normal

Ryfast-kontrakt til Sveits

Marti Contractors frå Sveits hadde det lågaste tilbodet og vann konkurransen om å byggje den første halvdelen av Solbakktunnelen i Ryfast.

Ryfast-trase

Sveitsiske Marti Contractors skal bygge den første delen av Ryfast.

Foto: Statens vegvesen

Åtte entreprenørar leverte tilbod til Statens vegvesen. Det høgaste tilbodet var på 1,69 milliardar kroner. No har vegvesenet kontrollrekna tilboda og valt sveitsiske Marti Contractors som entreprenør.

Anne-Merete Gilje

Anne-Merete Gilje er delprosjektleiar i Ryfast.

Foto: Bjørn Egil Gilje / Statens vegvesen

Marti Contractors skal ha 1,312 milliardar kroner for Ryfast-jobben.

Den sveitsiske entreprenøren skal byggje den eine halvdelen av den 14,3 kilometer lange Solbakktunnelen med to løp, frå Solbakk til Hidle.

– Vi er veldig glade for å kunne tildele jobben til Marti og bruke deira solide internasjonale erfaring i prosjektet. Det var mange gode tilbod, men Marti vant på lågaste pris. Vi ser fram til eit langt og godt samarbeid, seier Anne-Merete Gilje i Statens vegvesen, delprosjektleiar for Ryfast.

Det er 10 dagars klagefrist på tildelinga, og kontrakten blir underskriven etter det. Tunnelarbeidet frå Solbakk kan starte så snart entreprenøren er klar etter at kontrakten er signert, melder vegvesenet.

Kontrakten er den første av dei store entreprisane i Ryfast og Eiganestunnelen. Andre halvdel av Solbakktunnelen er også lyst ut, med frist 6. juni.