Hopp til innhold

Riggar 25 meter brei scene

Rått og Råde-festivalen på Lassa i Stavanger er landets største festivalproduksjon.

scene, rått og råde

Scenen til Rått og Råde-festivalen er heile 18x25 meter.

Foto: Øystein Otterdal

I dag blei scenen på 18x25 meter rigga på festivalområdet på Lassa. Her står blant andre A-ha i morgon og Ozzy Osbourne på laurdag.

- Dette er den største festivalproduksjonen i landet. Scena er stor, me har fått på plass masse lys og eit bra lydanlegg, seier festivalsjef Kristoffer Kinden Endresen til NRK.

Han seier alt er i rute før portane opnar klokka 16 i morgon.

- Me arbeider på spreng for å få alt på plass. Det er varsla bra vêr og alt ligg til rette for ein bra festival, seier Endresen.

Han seier mange har tatt turen til Stavanger sentrum for å skaffa seg festivalband.

- Dei som ikkje har gjort dette kan sjølvsagt få løyst billett på festivalområdet, seier ein spent Endresen.

Rått og Råde, lys

Det er investert i mykje lys til festivalen på Lassa.

Foto: Øystein Otterdal