Hopp til innhold

Rettssak om Høie-trugslar i to dagar

Mannen i 40-åra frå Stavanger som er sikta for å ha kome med dødstrugslar mot då helseminister Bent Høie, må møte i retten i november. Mannen er tiltalt for å ha kome med dødstrugslar som han ringde inn til politiet og regjeringskontor.

Straffelovens paragraf 115, Angrep på dei høgaste statsorgana si verksemd, kan verte straffa med fengsel i inntil ti år. Mannens forsvarar sa til NRK då saka vart kjend at han nektar straffskuld.

Rettssaka er sett til heile dagen 1. og 2. november i Sør-Rogaland tingrett.