Hopp til innhold

Fadderstyret leverte rekordunderskot – så reiste dei til Syden

Fadderfestivalen i Stavanger gjekk med eit dundrande underskot. Likevel reiste fadderstyret på blåtur for 62.000 kroner på studentane si rekning.

Verdens lengste frokostbord

Studentorganisasjonen ved Universitetet i Stavanger inviterte studentar til verdas lengste frukostbord under fadderveka i haust.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er fleire postar i budsjettet som ikkje er gjort reie for, og me jobbar no med å finne ut kor pengane er blitt av, seier leiar i Studentorganisasjon i Stavanger (Stor), Cathrine Johanne Sønvisen.

Til no er underskotet for årets fadderveke på over 600.000 kroner.

– Dette er ein veldig kjip situasjon. Det er dumt for organisasjonen at det enda slik etter ein vellykka festival, seier årets faddersjef Kim-Roger Andersen.

Det var Studentmediene i Stavanger (Smis) som først omtalte saka.

Cathrine J. Sønvisen

Cathrine Sønvisen er dagens leiar for Studentorganisasjonen i Stavanger.

Foto: Studentorganisasjonen i Stavanger

Ueinige om årsak til underskotet

Faddersjefen skulder underskotet på dårleg oppslutning på fleire arrangement under fadderveka.

– Under fjorårets festival blei det seld 4184 billettar. Me rekna med å selja lika mykje i år. Problema oppstod då me berre selde 3399 billettar.

Dagens Stor-leiar er ikkje samd i at dette er hovudårsak.

– Underskotet etter fadderfestivalen skuldast ikkje berre dårleg billettsal. Det er fleire faktorar som spelar inn, seier Sønvisen.

På blåtur til Syden

Det vart blant anna brukt 62.000 kroner på blåtur til styret. Reisa gjekk til Gran Canaria etter fadderveka var avslutta.

– Om eg hadde droppa turen, hadde det vore veldig dumt for dei som bidrog og jobbar hardt for fadderfestivalen.

Tidlegare faddersjef Christian Pettersen synest ikkje noko om at dei brukte pengar på blåtur.

– Det er vanskeleg å forsvare tur til Gran Canaria når ein to dagar ut i festivalen veit at ein kjem til å gå med underskot, seier Pettersen.

Andersen forsvarer valet.

– Turen var kjøpt og betalt i 2017, før me visste om underskotet. Det var for seint å kansellere turen.

Hadde ikkje økonomiansvarleg

Av ti representantar i fadderstyret var det ingen som hadde ansvar for økonomien for årets fadderveke.

– Me hadde ein organisasjonskonsulent som skulle hjelpe oss med dette, men denne personen vart sjukemeld, seier Andersen.

Studentenes hus

Underskotet er det største av sitt slag i forbindelse med faddeveka i Stavanger. Studentorganisasjon i Stavanger hadde planar om å ha full oversikt tidleg denne veka. No varslar organisasjonen at dei treng meir tid for å kartlegga pengebruken.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ansvaret låg då i hans hender.

Den største overskridinga i budsjettet er rigging av telt og fadderlandsby. Totalt vart det sett av ein million kroner til dette. Prislappen kom på over 1,35 millionar kroner.

– Me utvida festivalområdet og det kostar pengar, seier faddersjefen.

Andersen innrømmer at han til slutt mista kontroll over økonomien.

– Eg burde hatt betre oversikt på kva som gjekk ut og inn. Hadde eg hatt det, ville det ikkje gått slik som i dag. Nå ønskjer eg å hjelpa for å løysa dette, seier Andersen.

UiS kan bli redninga

Baksmellen vil få konsekvensar for framtida.

– Den kommande fadderfestivalen blir påverka, seier Cathrine Johanne Sønvisen.

Ole Ringdal er adm.dir. for IRIS i Stavanger

Ole Ringdal er direktør ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

For å få dekka inn underskotet er studentorganisasjon no i samtale med Universitetet i Stavanger.

– UiS støttar studentorganisasjonen økonomisk, og me må diskutera korleis me kan hjelpe dei økonomisk og organisatorisk, seier universitetsdirektør Ole Ringdal.