Hopp til innhold

Bjørg ønsker ukrainske flyktningar velkommen i leilegheiten sin

Fleire nordmenn seier ja til å husa ukrainske krigsflyktningar i hus og leilegheiter. UDI ber dei som vil hjelpa ta kontakt med kommunen sin.

Bjørg Veland

Bjørg Veland i Haugesund trur fleire vil gjera som ho, tilby hus og leilegheiter til ukrainske flyktningar. – Når folk får tenkt seg om trur eg fleire vil gjera dette. Me menneske er skapt med kjærleik til andre, ikkje berre til oss sjølv.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Her kan det bu ein generasjonsfamilie frå Ukraina, seier Bjørg Veland frå Haugesund.

Veland har nyleg overtatt ein leilegheit etter mor si som nyleg har flytta på sjukeheim.

Den har tre soverom, kjøkken og stove. Nå ønsker haugesundaren at den skal bli den nye heimen til ukrainske flyktningar som kjem til Noreg.

– I Noreg har me god plass og veldig mange har noko dei kan dela. Dersom me får dei inn i norske heimar der dei kan klara seg sjølv, trur eg det er mykje betre enn flyktningleirar, seier Veland.

UDI: Ok å husa flyktningar privat

Utlendingsdirektoratet (UDI) er kjent med at fleire privatpersonar vil opna heimane sine for ukrainske flyktningar.

Det er heilt greitt for flyktningar som har pass og papir i orden, ifølge UDI (sjå faktaboks).

Belén Birkenes, regiondirektør UDI Vest

Regiondirektør i UDI Vest, Belén Vinuesa Birkenes.

Foto: Nora Lie / Nora Lie

– Me utvidar mottaksapparatet for dei som treng det, men for dei som vil bu privat er det ingen problem, seier regiondirektør i UDI Vest, Belén Vinuesa Birkenes.

Ho er også nasjonal leiar for busettings- og integreringsteamet i UDI.

– Kor skal dei som vil tilby hus eller leilegheiter til ukrainske flyktningar ta kontakt?

– Dei bør ta kontakt med kommunen sin. Det er dei som har ansvaret for busetting av dei som kjem. Det vil bli eit stor behov for bustadar, seier Birkenes.

Blant norske kommunar er det stor vilje til å ta imot dei som flyktar frå krigen i Ukraina.

Så langt har 278 kommunar sagt ja til å ta imot fleire flyktningar, ifølge ei fersk undersøking frå kommunesektorens organisasjon (KS).

Bjørg Veland

Bjørg Veland i Haugesund ønsker å tilby ein leilegheit til ukrainske flyktningar.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Mange tar kontakt med Hero

Hero er Noregs største driftsoperatør for asylmottak. Dei opplever at mange som ønsker å tilby privat innkvartering av ukrainske flyktningar tar kontakt.

– Har du ønske om å tilby ein einebustad eller leilegheit ber me deg ta kontakt med din lokale kommune. Me har behov for større einingar tilsvarande gamle hotell, internat eller leirplassar, seier Hero-direktør Vidar Torheim.

Vidar Torheim

Hero-direktør Vidar Torheim.

Foto: Stundom Productions AS

Per nå kan Hero tilby fleire tusen mottaksplassar fordelt over heile landet, frå Kirkenes i nord til Jæren i sør. Dei blir også kontakta frå fleire som kan tilby større bueiningar.

– Per nå har me ingen konkrete bestillingar, men UDI har signalisert at dei vil bygga opp kapasiteten.

Ved inngangen til 2016 hadde Hero 65 mottak i Noreg. Nå har dei åtte mottak i landet.

UDI har til saman registrert 129 asylsøknader frå ukrainarar sidan Russland invaderte Ukraina i førre veke. Berre onsdag blei det registrert 70 asylsøkarar frå Ukraina.