Hopp til innhold

Høg musikk, vald og skremmande oppførsel

Politiet rykka ut på 28 russe-oppdrag i Rogaland i natt. – Nokon seier til oss at dei vil sjekka kor grensa går, seier politiet.

Russebuss på jorde

Ein russebuss hamna på eit jorde ved Fylkesveg 44 på Jæren. Russen rava i vegen og spelte musikk.

Foto: Ronny Hjertås

Politiet har hatt ei svært travel natt i Sør-Vest politidistrikt.

– Svært mange har ringt oss om russ som bråkar. Me har ikkje hatt kapasitet til å rykka ut på alt, men har vore ute på opp mot 30 russeoppdrag, seier operasjonsleiar Victor Jensen.

Han seier at dei fleste sakene handlar om høg musikk, men det har også vore valdsepisodar, skremmande oppførsel og trafikksaker.

Buss hamna på jorde

Ein russebuss hamna på eit jorde ved Orrevatnet.

– Det kom inn melding om at dei spelte høg musikk og rava rundt i vegen. Då politiet kom på plassen fekk me ordna med bergingsbil slik at bussen kom seg opp på vegen igjen. Me gjorde fleire avhøyr, og føraren er meldt, seier Jensen.

Han forstår at mange av dei som har ringt i løpet av natta har vore frustrerte.

– Det var ein som skulle ha eksamen i morgon, medan russen spelte høg musikk utanfor. På eit hotell i Sola var det fleire gjestar som ikkje fekk sova på grunn av russebuss.

– Er hendingane knytt opp mot eit spesielt arrangement?

– Nei. Dei har vore fleire stader, i Sandnes, Stavanger, Sola og ved Orrevatnet sør på Jæren. Nokon seier til oss at dei vil sjekka kor grensa går for kor høgt dei kan spela musikk, seier Jensen.

Politiet har skrive ut fleire bøter og oppretta sak på fleire av tilfella. Jensen seier at det ikkje er bra at politiet må bruka store ressursar på denne type oppdrag.

Russ slått i ansiktet

Også andre stader i landet har folk fått merka at russefeiringa er i gang. Rundt Levermyr i Grimstad klaga fleire bebuarar på støy i natt. Da politiet kom til plassen, var rundt ti russebilar på veg bort.

Ved Storås i Stokke blei ein russ slått i ansiktet i ein slåstkamp i natt. Politiet rykka ut etter melding om at fleire slåst.

I Mo i Rana var det derimot ikkje sjølve russen som var problemet. Politiet måtte i staden avslutte ein russefest fordi andre folk trakk til og laga trøbbel.