Fryktar hemnoppgjer – vil ha ekstra vakthald ved Dale utover dagen

I ettermiddag blei vegen inn til Dale asylmottak sperra av politiet, som frykta hemnoppgjer etter drapet i går. På eit tidspunkt var stemninga ved sperringa så amper at politiet kjende seg truga.

Ransaking ved Dale

Fleire personar har blitt ransaka ute ved Dale asylmottak, og ifølgje NRK sin fotograf på staden skal det til tider ha vore amper stemning utanfor mottaket tidlegare på dagen.

Foto: Ronny Hjertås

Politiet rykka torsdag ettermiddag ut til asylmottaket på Dale i Sandnes til det dei fryktar kan bli eit oppgjer etter drapet som skjedde tirsdag kveld.

Politiet fekk tips om at ein gjeng med venar og pårørande av den drepne iranaren hadde samla seg i Sandnes sentrum, med planar om å dra ut til asylmottaket i 15-tida i dag.

– Me sperra vegen ved Dale. Då gjengen på om lag 50 personar kom, tok dei opp steinar. Dette gjorde at politiet kjende seg truga, og dei utrusta seg med køller og skjold, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt til NRK.no.

Gruppa blei bedd om å reisa, og situasjonen roa seg ned etter denne hendinga. Ifølgje Stavanger Aftenblad skal fleire av desse ha vore venar og sørgjande som ville sjå staden der iranaren blei drepen.

Ingen pågripne

Vegsperringa blei ståande og har stoppa fleire bilar utanfor Dale.

– Ingen personar er så langt pågripne, seier politiinspektør i Rogaland politidistrikt, Bjørn Andersen til NRK.no.

Klokka 17.15 skal politiet på staden ha gitt uttrykk for at aksjonen er i ferd med å bli trappa ned. Fleire politibilar har reist og klokka 17.30 var det berre ein bil att med sperringa.

– Me vil likevel ha vakthald ved Dale utover natta. I tillegg jobbar politiet kontinuerleg med etterforskingsarbeidet i saka, seier operasjonsleiaren.

NRK sin fotograf Eirik Gjesdal har vore ute ved politisperringa i ettermiddag:

– På det meste har det kanskje vore 15 politifolk her. Alle som kjem til politisperringa må visa legitimasjon, og så langt er det berre bussen som har fått sleppa gjennom, seier Gjesdal.

Drepen i samanheng med ein fotballkamp

Det var i samanheng med ein fotballkamp ved Dale asylmottak i går kveld at ein tenåring frå Iran blei knivdrepen.

Politiet har sikta ein 20 år gamal russisk statsborgar for ugjerninga. Verken den drepne asylsøkaren, eller den sikta, budde på Dale asylmottak.

Bjørn Andersen i politiet har opplyst til NRK.no at dei ser på drapssaka som ei komplisert sak, der mange folk med ulike nasjonalitetar må inn til avhøyr

30–40 politifolk jobbar med etterforskinga av saka.

Sperring ved Dale

Politiet sperrar vegen til og frå Dale asylmottak. Fleire bilar har allereie blitt stoppa.

Foto: Ronny Hjertås

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.