Hopp til innhold

På denne skulen har ingen tilsette lærarutdanning

– Må nærast skje eit under i ferien viss dette skal komme på plass til august, seier leiaren i Utdanningsforbundet.

Elever leker foran Vanvik skule i Suldal

Ifølgje FAU trivst elevane godt og dei lærar det dei skal ved Vanvik oppvekstsenter i Suldal. Men skulen har ikkje pedagogisk personale.

Foto: Odin Omland / NRK

Sommarferien er rett rundt hjørnet for elevane ved Vanvik oppvekstsenter i Suldal kommune i Ryfylke. Men dei veit ikkje om dei skal tilbake til barneskulen sin når hausten kjem.

– Det er ganske dumt, for vi er glad i skulen. Når det er så få, er det mange ein kan vere venner med. Ein kan leike ganske mange leiker der alle blir med, seier elev Helle Hageseter Fatnes.

Helle Hageseter Fatnes ved Vanvik oppvekstsenter i Suldal

Helle Hageseter Fatnes og ei klassevenninne ved Vanvik skule i Suldal.

Foto: Odin Omland / NRK

Ho er nøgd med skulen og trivst der. Men skulen har ingen tilsette med lærarutdanning, heller ikkje rektor.

Ved ein annan skule i kommunen, Nesflaten oppvekstsenter, er det berre rektor og éin lærar som har lærarutdanning.

Ifølgje opplæringslova skal dei som undervisar på skulane, ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.

Utdanningsforbundet meiner Suldal kommune bryt lova når dei har skular som manglar pedagogisk tilsette.

– Eg har aldri vore borti noko liknande. Vi meiner det er lovbrot, slik situasjonen er nå. Eit av tiltaka vi vil be om, er at Statsforvalteren utfører eit tilsyn, seier leiar Gunn Reidun Tednes-Aaserød i Utdanningsforbundet i Rogaland.

Det er ikkje kvardagskost at Utdanningsforbundet ber om tilsyn på den måten. Men ifølgje Tednes-Aaserød er dette eit uvanleg tilfelle:

I Suldal kommune blir 28 prosent av lærarårsverka utført av tilsette som ikkje har lærarutdanning. På landsbasis er det 16,3 prosent, ifølgje tal frå skuleåret 2020–2021 (ekstern lenkje).

I oversikta er det Gamvik kommune i Finnmark som kjem dårlegast ut, der 47 prosent av lærarårsverka blir utført av tilsette som ikkje har lærarutdanning.

Nokre få kommunar har berre tilsette med relevant utdanning i sine skular.

Suldal kommune sliter med lærermangel, blant annet på Vanvik skule

Suldal vil rekruttera nye tilsette til skulane i kommunen. Ved Vanvik er dei ikkje sikre på om skulen fortset til hausten.

Foto: Odin Omland / NRK

Behaldar skulane inntil vidare

Det har vore mykje diskutert om dei to skulane i Suldal skal leggast ned. Men måndag bestemte kommunestyret at skulane Vanvik og Nesflaten får bestå, inntil vidare.

– Vi blei einige om å sjå på tiltak som kan løyse problema ein har når det gjeld å få tak i folk både på Vanvik og Nesflaten, seier ordførar Gerd Helen Bø (Sp) i Suldal.

Gerd Helen Bø, ordfører i Suldal kommune

Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal.

Foto: Odin Omland / NRK

Kommunen vil jobbe vidare for å rekruttere lærarar til skulane. Målet er at dei klarar det i løpet av sommaren.

Men Tednes Aaserød i Utdanningsforbundet meiner politikarane har gjort eit vedtak som ikkje er til det beste for elevane.

– Vanvik skule har ikkje pedagogisk personale igjen. Det må nærast skje eit under i ferien viss dette skal komme på plass til august, seier ho.

Viss ingen nye med relevant utdanning blir tilsett, er alternativet å sende elevane til nabokommunen Sauda.

Nøgde foreldre

Foreldreutvalet (FAU) ved Vanvik meiner det er heilt feil at elevane per nå er usikre på om Vanvik skal bestå som skule til hausten.

Karl Johan Sande Heimark er FAU-leder og far til to elever ved Vanvik skule i Suldal.

FAU-leiar Karl Johan Sande Heimark.

Foto: Odin Omland / NRK

– Ungane veit ikkje kva slags skoleveg dei får, eller kor stor klassen blir. Blir skulen lagt ned, er det ikkje så sannsynleg at fleire med barn flytter hit, seier FAU-leiar Karl Johan Sande Heimark.

FAU er nøgde med skulen og meiner dei tilsette gjer ein god jobb. Men dei vil sjølvsagt også ha tilsette med rett fagleg kompetanse.

Kommunen må gjere jobben og få tilsett folk med rett kompetanse. Vi har veldig trua på dei som er her, men dei må få på plass kompetansen som krevjast, seier Heimark.